NRK Meny

Karadas fekk spesialavtale

Eidaren Azar Karadas har fått skreddarsydd ei eiga bonusordning i Brann. Det skriv Bergens Tidende. I lønnssystemet til klubben må ein ha spelt minst éin omgang for å ha rett på bonus. Men fordi Karadas ofte er avgjerande på slutten av kampane, har han likevel fått bonus. Karadas vil ikkje kommentere saka, og seier til avisa at avtalen er mellom han og klubben.

Azar Karadas jubler over scoring mot Levanger
Foto: Morten Olsen / Digitalsport