Kåra til verdas beste togreise

Reiselivsmagasinet Lonely Planet Traveller har kåra Flåmsbana til verdas beste togreise. – Dette vil heilt klart bli lagt merke til, seier Innovasjon Norge.

Rallarvegen og Flåmsbana

POPULÆR: Flåmsbana har blitt eit populært reisemål, både for norske og utanlandske turistar.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Det populære reiselivsmagasinet har vurdert togreiser verda rundt, og på toppen av kåringa kjem ei togreise i Sogn, skriv Innovasjon Norge.

Reiselivsdirektør i Innovasjon Norge, Per Arne Tuftin, er klar på at dette er fantastiske reklame for Norge som reisemål.

– Det er veldig hyggeleg at bana blir trekt fram på denne måten, både for Norge sin del og for regionen rundt Flåm, seier han til NRK.no.

Brukar store ord

Tuftin skildrar sjølv togreisa som ei utanom det vanlege, og seier togreisa tydeleg må ha gjort inntrykk på journalistane frå det store reiselivsmagasinet.

Med sine nesten 20 kilometer blir dei reisande teke med på ein tur frå fjord til fjell. Frå stasjonen heilt nede ved Aurlandsfjorden i Flåm går turen gjennom flott kulturlandskap og oppover bratte fjellsider.

Her får dei reisande sjå fossar, snødekte fjelltoppar og gamle fjellgardar som har klamra seg fast opp gjennom tidene. Turen går til høgfjellsstasjonen på Myrdal, som ligg 865 meter over havet.

I kåringa «The World’s most incredible train journeys 2014» brukar reiselivsmagasinet Lonely Planet store ord og flotte bilete når dei skal skildre turen med Flåmsbana.

«Seen on the map, the Flåmsbana might look like a railway of modest ambitions (…) Seen in real life, its epic stature becomes apparent: a little line that couragly scrambles through a landscape of tumbling waterfalls and sheer mountains, descending from the treeless expanses of the Hardangervidda to the mouth of one of Norway’s most spectacular inlets, the Aurlandsfjord”.

(Artikkelen held fram under)

Kjosfossen på Flåmsbana

FOSSAR OG FJELL: Undervegs på turen kan dei togreisande til dømes gå av her ved Kjosfossen. Den mektige fossen er fascinerande for mange.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Dette blir lagt merke til

– Kva betyr slik omtale for Flåmsbana?

– Dette er eit veldig seriøst reisemagasin, og det som står der blir både lest og fanga opp. Ikkje berre av magasinet sine eigne lesarar, men også av andre magasin og reiselivstidsskrift. Så denne omtalen er gull verdt, seier Tuftin.

Han seier at Norge dei siste åra har fått stadig meir god omtale i denne typen reisemagasin. Også plassar i Sogn og Fjordane har fått merksemd.

Det er ikkje lenge sidan den amerikanske nettstaden Huffington Post trekte fram fleire stader i fjordfylket når dei publiserte 25 grunnar som gjorde Norge til verdas beste stad.

Lærdalstunnelen, Hornindalsvatnet og Stryn sommarski var tre av grunnane.

Trur fleire tek turen

Tuftin seier det er vanskeleg å seie om tittelen som verdas beste togreise vil få turistar i hopevis til Flåm, men han er klar på at det kan ha ein viss effekt.

– Ein skal vere litt forsiktig med å love for mykje. Men det er klart dette blir lagt merke til.

– Folk som allereie har bestemt seg for å reise til Noreg, vil nok i endå større grad legge turen om Flåm etter dette, og dette er også med å byggje opp under interessa for Norge, seier Tuftin til NRK.no.