Hopp til innhold

Kåra til dei mest sikre russebilane

Russ i to russebilar blei 3000 kroner rikare. Statens vegvesen kåra i dag dei sikraste russebilane i Sunnfjord og Nordfjord.

Kåra til sikraste russebilen i Nordfjord

3000 KRONER: Sondre L. Kullsveen, Bjørn Tore Furnes, Adrian Borgund, Simon Leivdal, Even Gjørsvik, Kristian Dados og Yuriy Haugstad frå Eid vgs fekk pengar av banksjef Anders Skipnes i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Foto: Statens vegvesen

«Lille promille» frå Dale vidaregåande skule stakk av med sjekken etter kåringa i Sunnfjord. Geir Leon Hetle i Statens vegvesen seier dei ikkje var i tvil om kven som skulle få pengane.

– «Lille promille» var den av dei kontrollerte russebilane som var i best teknisk stand. I tillegg var den ikkje ombygd, og var utrusta med originale seter og belter.

Andreplassen på 1000 kroner gjekk til ”Godt og blandet” frå Mo og Jølster vidaregåande skule avd Jølster.

10 godkjende i Nordfjord

I Nordfjord var der ein russebil frå Eid vidaregåande skule som blei den tryggaste bilen. På andreplass kom ein russebil frå Stryn.

13 russebilar var med, og no er det berre tre bilar nord i fylket som ikkje har fått det grøne oblatet «Godkjend russebil 2011». Vegvesenet trur desse blir godkjende innan kort tid.

Utbetrar feila

I Sunnfjord blei 23 bilar kontrollerte i dag. Av desse har 10 fått tildelt det grøne oblatet.

– Vi veit at fleire er i ferd med å utbetre feil og manglar på bilane sin for å få tildelt oblatet som er viktig for russen, seier Hetle.

Ein kontroll tidlegare i veka ga ikkje oppløftande resultat. Berre fire av 22 bilar blei godkjende. No har av russane teke ansvar og retta opp i feil og manglar som blei avdekka under kontrollen.

Han er svært nøgd med at ingen av bilane har hatt bremsesvikt under bremseprøvane dei har gjort.

– Dette er gledeleg og russen sjølv er glad for at vi set fokus på trygge bilar, seier Hetle.

Til saman har vi i Fjordane kontrollert 36 russebilar, 20 av desse har altså fått tildelt grøn oblat som viser dei er «Godkjent russebil mai 2011».

Silje Hatlem, Eli Andrea Skaar, Ingrid Bygnes, Kjersti Furset, Irmelin Vold og Belinda Einen

PRIS TIL SUNNFJORDRUSS: Førstepremien på 3000 kroner gjekk til Silje Hatlem, Eli Andrea Skaar, Ingrid Bygnes, Kjersti Furset, Irmelin Vold og Belinda Einen frå Dale vidaregåande skule med bilen ”Lille promille”.

Foto: Helge Ullebust