Hopp til innhold

Kåra til beste ungdomsbedrift

Ungdomsbedrifta aDABt frå Florø stakk av med sigeren for beste forretningsplan under NM for ungdomsbedrifter på Lillestrøm i dag. Selskapet hjelper folk slik at dei kan få radioen i bilane og båtane sine frå FM til DAB. I grunngjevinga frå juryen står det mellom anna at dei har god marknadsforståing, løyst finansieringsutfordringar på ein god og kreativ måte og har klare målsettingar. – Vi gler oss til å ta fleire prisen under NM, seier Simon Solberg, nestleiar for verksemda i ei pressemelding.

Vinnar ungdomsbedrift