– Han var og trente med laget i går, men vakna med feber i dag. Så han må stå over kampen, opplyser assistenttrenar Tom Mangersnes til NRK.no.
Rune Bolseth mista dei første seriekampane på grunn av skade, men var tilbake til heimekampen mot Strømsgodset i slutten av april. Sidan har han vore ein viktig brikke i å snu den tunge seriestarten.
No må Sogndal klare seg utan kapteinen på midtbana. Inn kjem i staden ein spelesugen Ruben Holsæter.
– Vi skulle sjølvsagt gjerne ha hatt med kapteinen vår, men slik blir det ikkje i dag. Eg trur Ruben kan komme inn og gjere ein god kamp, seier Mangersnes.
Slik er startoppstillinga til Sogndal:
Mathias Dyngeland – Hannu Patronen, Azar Karadas, Bjørn Inge Utvik – Taijo Teniste, Ruben Holsæter, Helge Haugen, Petter Strand, Logi Valgardsson – Mahatma Otoo, Ulrik Flo.
- LES OGSÅ:
FØLG KAMPEN DIREKTE I LIVE-SENTERET VÅRT:
(Artikkelen held fram under videoen)
Etter ein tung start på sesongen, har Sogndal dei siste vekene fått fart på sakene. Toppa med ein velsmakande siger over erkerivalen Brann på tysdag, står sogningane no med fire strake kampar utan tap i serie og cup.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Det betyr at dei også har klatra til 11. plass på tabellen–med kortare avstand oppover enn ned til laga bak.
Dagens motstandar er Sandnes Ulf, som ligg heilt sist på tabellen etter ti serierundar. Rogalendingane er såleis desperate etter poeng. Sentral på laget er tidlegare Sogndal-spelar Henrik Furebotn.