Hopp til innhold

Kapteinen om båtlivet i Florø: – Det meste vi har hatt på turen

FLORØ (NRK): Hundrevis av båtar følgde Sommarbåten sin ferd inn fjorden til hamna i Florø.

Sommarbåten i Florø

MASSIVT OPPMØTE: Båtfolket i Florø gav Sommarbåten ein varm velkomst.

Foto: Skjermdump / NRK

Kaptein på Sommarbåten, Frank Walsøe, er imponert over oppmøtet til florøværingane, både på kaia og til sjøs.

Skipper Frank Walsøe på MS Sjøkurs

KAPTEIN: Frank Walsøe er kaptein på MS Sjøkurs, betre kjent som Sommarbåten.

Foto: Birger Kjølberg / NRK

– Det er eit sirkus dette her. Talet båtar her i Florø er det meste vi har hatt på turen, seier han.

Sjølv om det etter kvart vart trongt om plassen i fjorden, var det aldri fare på ferde.

– Det er klart at her må vi passe på. Men vi har gode folk med oss, så det går av seg sjølv, seier Walsøe.

Mini-sommarbåt
Foto: Eirik Hildal / NRK

Lars Eirik Baugstø-Hartvigsen frå Florø er også imponert over korleis båtfolket har mobilisert.

– Viss du var langbeint, kunne du gått tørrskodd til Rota med alle båtane som var ute i hamnebassenget her, seier han. Rota er ei lita øy ute i fjorden ein knapp kilometer frå Florø sentrum.

I kveld klokka 21:30 sender Sommeråpent direkte frå Florø på NRK1. Under kan du følgje Sommarbåten minutt for minutt.

Bli med oss på hele reisen fra Vadsø i nord til Oslo i sør gjennom 58 sommerdager