Hopp til innhold

Kaptein-Badji på plass i Sogndal

Sogndal sin nye midtbanespelar, Stephané Diarra Badji, gjennomførde måndag sine første treningsøkter med Sogndal.

Jonas Olsson og Stephané Diarra Badji

PÅ PLASS: Trenar Jonas Olsson (ståande) var godt nøgd med å ha Stephané Diarra Badji på plass under Sogndal-treninga.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

21-åringen sin framkomst i saftbygda har vore utsett ei tid grunna bensinopprøret i Nigeria.

Søndag kom Stephané Diarra Badji til Sogndal og kunne måndag slutte seg til sine nye lagkameratar måndag.

– Det gjekk ganske bra. Det er ikkje lett å kome utanfrå og inn i eit heilt nytt miljø. Han var naturlegvis forsiktig i starten, men det gjekk betre og betre utover treninga, oppsummerer trenar Jonas Olsson.

Stor interesse

Diarra Badji er kaptein på Senegal sitt U23-landslag. Før jul sikra Sogndal seg signaturen som gjer 21-åringen til Sogndal-spelar i tre år. Han kan nyttast både offensivt og defensivt på midtbana. Diarra Badji blir skildra som ein framtidas mann i senegalesisk fotball.

Fylling køyrde 13 timar for å signere 21-åringen då fleire klubbar byrja å melde si interesse.

– No er han så heit på overgangsmarknaden at vi måtte slå til. Fleire franske klubbar var interesserte, sa Fylling i byrjinga av desember.

– Ein komplett spelar

Midtbanespelaren møtte sine nye lagkameratar måndag morgon under styrketreninga på Idrettssenteret. I ettermiddag gjennomførde han si første balløkt med sine nye lagkameratar.

I Sogndal får han draktnummer 12.

– Han er ein god fotballspelar, har godt blikk og god pasningsfot. Han er veldig fysisk i måten å spele på. Eg vil kalle han ein komplett spelar, seier Olsson.

– Vil ta tid

Sjølv med visse kommunikasjonsproblem under si første trening, trur både Olsson og spelarutviklar Håvard Flo at Diarra Badji kan bli ein god spelar for Sogndal.

21-åringen kan berre fransk.

Hannu Patronen
Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Du ser han har mykje fotball i seg. Han er veldig hard i duellane, slik afrikanarane er, men det vil nok ta litt tid. Han kjem til ein ny kultur, eit nytt land og det er kaldt. Men ut frå det vi såg av treninga i dag, så ser det veldig lovande ut, seier han.

Patronen på plass

Også den nye midtstopparen Hannu Patronen er no komen til bygda og i gang med førebuingane til sesongen 2012. Patronen si kontrakt med dei svenske trippelmeistrane Helsinborgs IF gjekk ut ved årsskiftet.

Medan han fekk sin andre landskamp for Finland i Trinidad & Tobago, vart det klart at han blir å finne i Sogndal-trøya komande sesong.

Thor-Jørgen Spurkeland på Sogndal-trening.
Foto: Sondre Dalaker / NRK

På treninga i dag var også Førde-spelar Thor-Jørgen Spurkeland.

– Spurkeland er under utdanning og vi har fått ein førespurnad om han kan trene med oss medan han studerer, forklarer Flo.