Kappkøyring og fyllebråk

Politiet i Sogndal jakta i natt på råkøyrarar, medan politiet i Måløy måtte ta hand om festdeltakarar som ikkje klarte å oppføre seg.

Politi illustrasjojn
Foto: Oddleif Løset / NRK

Politiet i Sogndal rykte ved 23-tida i går kveld ut etter melding om bilar som kappkøyrde i Fjærlandsvegen mot Ingafossen.

– Vi fekk melding om fleire bilar som køyrde side om side og innringar var redd det skulle vare ut over natta. Patruljen var på staden og heldt utkikk fram til klokka 0400 i natt utan å sjå noko, seier Morten Rebnor, som er operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Like før midnatt rykte politi, brann og helse ut til melding om brann ved Askvollheimen i Askvoll.

– Det synte seg at feil bruk av eit elektrisk lys hadde ført til kraftig røykutvikling, seier Rebnor.

Bebuarane vart tilsett av helse og naudetatane avslutta på staden klokka 01.50.

Klokka 0.45 måtte politiet rykke ut til ei privatadresse i Førde etter melding om bråk.

– To personar hadde kome til adressa, og det hadde oppstått krangel. Då politiet kom fram til staden hadde dei to gått og ting hadde roa seg, seier Rebnor.

I Måløy var kring 100 ungdommar samla til fest. Då festen skulle avsluttast var det enkelte av dei som ikkje klarte å oppføre seg og politiet vart tilkalla.

– Då politiet kom fram roa det seg, men ein person skjøna ikkje alvor før han vart påsett handjern. Då roa også han seg, og han vart køyrt til hotellet der han skulle overnatte, seier Rebnor.