NRK Meny
Normal

Fylkesveg opna etter trafikkaos

Eit vogntog køyrde seg i morgontimane fast på fylkesveg 614 mellom Grov og Svelgen. Vegen er no opna att.

Fylkesveg 614 Grytadalen ved Magnhildskartunnelen

KAOS: Politiet opplyser at det er kaotiske tilstandar i Magnhildskaret. Biletet er frå Grytadalen ved Magnildskartunnelen.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

Vogntoget køyrde seg fast på veg opp Magnhildskaret. Det var ikkje passasje for større køyretøy.

Politiet rykte ut. Vegen var opna att før klokka 10. Vegtrafikksentralen i Lærdal opplyste at det var snøslaps i vegbana.

– Tyngre køyretøy som skal opp Magnhildskaret blir oppmoda om å få på kjettingane før dei startar på bakkane, opplyste politiet.

Arne Stadheim hos Vegtrafikksentralen i Lærdal oppmodar folk om å vurdere nøye om dei er godt nok skodde for det vekslande føret som er no.

– Vi er i den tida der ein gjerne har lagt om til sommardekk, så ein bør ta høgde for at det kan vere glatt, i alle fall når ein kjem opp i høgda.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser