Hopp til innhold

Driftssjef: «Vi vil tape fleire hundre tusen kroner på stengd veg»

Brannen i Gudvangatunnelen skapar kaotiske tilstandar i Flåm. No må fleire tusen turistar i bilar og cruiseskip omdirigerast.

Flåm med cruiseskip

MÅ OMDIRIGERAST: Mange tusen turistar i bilar og cruiseskip må omdirigerast på grunn av brannen i Gudvangentunnelen.

Foto: Merete HusmoHøidal / NRK

– Vi vil tape fleire hundre tusen kroner, seier driftssjef Sivert Bakk i Flåm Utvikling til NRK.

Gjennomfartsåra Gudvangatunnelen kan bli stengt i opp til ei veke etter at ein trailer brann i tunnelen i går. Det skapar omfattande problem for turistnæringa i området.

Store økonomiske konsekvensar

Bakk seier at Flåm står overfor store utfordringar dersom tunnelen blir stengd ei heil veke. Tunnelstenginga på E16 vil råke mellom 1000–2000 turistar kvar dag i Flåm og Gudvangen så lenge vegen er stengd.

– I dag måtte vi til dømes kansellere ein tur for om lag tusen cruisepassasjerar som kom til Flåm i dag. Desse skulle vidare til Voss, og vidare over Myrdal og Flåmsbana, fortel Bakk.

– Dette vil føre til økonomisk tap, ikkje berre for oss, men for heile reiselivet i regionen. Strekningen mellom Voss og Flåm, er veldig viktig for turismen i Hordaland og Sogn og Fjordane, fortel Bakk.

Kor stort er tapet?

– Vi snakkar om fleire hundre tusen kroner. Det variar frå dag til dag, men på dagar som i dag med to store cruiseskip er det eit stort tap. Eg håpar verkeleg at tunnelen opnar så fort som mogeleg, seier Bakk.