NRK Meny
Normal

Kaos rundt Fjord1!

Det krev kloke folk for å rydda opp i kaoset rundt Fjord1. Enkelte vil hevda at styreleiar Reidar Sandal manglar dei diplomatiske eigenskapane som skal til, og fylkeskommunen har dokumentert at dei er ein dårleg skipsreiar, skriv distriktsredaktør Kai Aage Pedersen i denne kommentaren.

Kai Aage Pedersen
Foto: NRK

90 arbeidsplassar i Florø ligg i potten når styret i Fjord1 møtest i dag. Ved enden av bordet styreleiar, Reidar Sandal, også på dette møtet utstyrt med svekka tillit frå sine eigne – nemleg fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane. Sandal reagerte skarpt då fylkesutvalet gjorde vedtak om å stoppa samanslåingsplanane med Norled. Styreleiaren viser altså manglande tillit til fylkesutvalet og fylkesutvalet viser mistillit til styreleiaren. Gjensidig mistillit er inga god plattform for å sikra ei god framtid for ei milliardbedrift.

Og det er altså det planane om å slå Fjord1 i saman med Norled som står på dagsordenen. Til stades i styrerommet er også administrerande direktør Dagfinn Neteland i Fjord1.

Han er varm tilhengjar av å slå saman dei to selskapa. Desse selskapa passar perfekt i lag seier han, og veit kva han snakkar om etter å ha vore sentral i toppleiinga i begge dei to selskapa. Men det er altså ikkje direktøren for det heile som bestemmer i dag. No er det fylkespolitikk, lokalpolitikk og forretningsstrategi i ei herleg blanding som avgjer framtida til Fjord1.

Vår vesle fylkeskommune eig nemleg over halvparten av aksjane i dette reiarlaget – og alle slags politiske interesser må takast omsyn til når kursen til Fjord1 skal stakast ut. Spørsmålet er om styret gjer som fylkesutvalet vil – og til slutt om dette vil visa seg å vera til beste for skattebetalarane og også sikra arbeidsplassane i Florø.

Fasiten er det ingen av oss som har. Akkurat no ser det ut til at lokalpolitikarane i Florø meiner ei samanslåing gir størst odds på at eit nytt superreiarlag på Vestlandet skal styrast frå nettopp Florø. Men alle veit at det er kostnadskutt og reduksjon i tal tilsette som gir klingande mynt i kassa.

Overskotet til Fjord1 i fjor kom for det meste etter å ha lagt ned administrasjon i Molde. Ein fusjon mellom Fjord1 og Norled vil utløysa nye krav om nye kostnadskutt, og også kutt i administrasjon. Når røyken har lagt seg vil Stavanger eller Florø stå att som vinnar.

Plan B er altså å selja Fjord1-aksjane til eit anna reiarlag. Fylkeskommunen har, på skattebetalarane si rekning, leigd inn konsulentar, for å finna den beste løysinga. Og styreleiar Reidar Sandal og fylkesordførar Åshild Kjelsnes kritiserer kvarandre for å ikkje å involvera den andre godt nok i dei to parallelle prosessane.

Slik kan vi ikkje sjølvsagt ikkje ha det lenger. Å tru at eit konsern som sel transport for 2.3 milliardar kroner i året, kan styrast i fylkespolitisk tempo, og gjerne også ut ifrå politikarane sine ynskje om attval til hausten er ikkje berekraftig.

Det kan difor bli eit tøft styremøte i Fjord1 i dag. Direktør Dagfinn Neteland gjentok i går ettermiddag at det er ei tillitskrise mellom leiinga i selskapet og den største eigaren – fylkeskommunen. Det krev kloke folk til å rydda opp i kaoset, og enkelte vil hevda at Reidar Sandal manglar dei diplomatiske eigenskapane som skal til for å få Fjord1-skuta på rett kjøl.

Fylkeskommunen på si side har dokumentert at dei er ein dårleg skipsreiar. Det er heilt sikkert andre, ein eller annan plass der ute, som kan gjera ein betre jobb som eigarar av det gamle fylkesreiarlaget vårt enn fylkesutvalet.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.