Hopp til innhold

Over 1000 olje-arbeidarar står vêrfaste i Florø

Helikoptertrafikken står vêrfast på store delar av vestlandet. Dei siste dagane har det hopa seg opp med ventande oljearbeidarar på fleire hotell i Sunnfjord, og i Nordsjøen kjem mange seg ikkje heim.

Oljeplatform - Stafjord B

FÅR IKKJE FLY: Helikoptertrafikken på vestlandet er råka av lyn og torevêr. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix

For tredje dag på rad er helikoptertrafikken til og frå Nordsjøen råka av lyn og torevêr.

Alle arbeidarane som hadde planar om å reise ut til oljeplattformer og andre offshore- lokasjonar må belage seg på venting. Det same er situasjonen for arbeidarane som er på jobb, dei kjem seg ikkje heim att heller.

Må kanskje vente lenge

Dermed har vi rundt 1000 arbeidarar dei siste to dagane som ikkje kjem seg på jobb og som ikkje kjem seg heim att frå jobb, seier flyplassjef ved Florø lufthamn, Siv Merete Stadheim.

Ho fryktar at ventetida kan bli enda lengre.

Eg blir ikkje overraska om helikoptertrafikken må vente til i morgon.

Så langt torsdag har ingen helikopter letta frå Florø. Dermed kan ikkje arbeidarane anna enn å vente.

Problem også i Bergen

Vanlegvis blir arbeidarane som ikkje kjem seg vidare frå Florø, skyssa via Bergen, men også i Bergen slit dei med lyn og torevêr.

– Dersom det går veldig lang tid kan det hende vi ikkje får tatt att etterslepet etter alle kanselleringane av flightar før til helga, seier Stadheim.

Dette er tredje dag på rad utan normal drift ved Florø lufthamn, opplyser Siv Merete Stadheim. Oljeselskapa ber likevel arbeidarane om å møte på Florø lufthamn til ordinær tid.

Fulle hotell i Førde og Florø

På Florø hotell har det hopa seg opp med offshore-arbeidarar som ventar på å komme seg på jobb.

Oljearbeidarar

LANGE DAGAR: Det blir lange dagar når helikoptertrafikken står fast. Frå høgre: Bjørn Fitjar, Arnulf Olsen, Roar Rafoss og Svein Matiasen

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Resepsjonssjef på Quality Hotel i Florø, Marianne Hansen, fortel om stor pågang.

– Her er det heilt fullt, men det går veldig bra. Vi prøver å gjere vårt beste for at alle dei råka arbeidarane skal ha ein plass å vere. Vi samarbeider også med Comfort Hotel.

Det er blitt så mange ventande i Florø at mange arbeidarar må til Førde på hotell. I lobbyen på Sunnfjord Hotell sit det ein liten gjeng som begynner å bli lei.

Shopping og pizza

Roar Rafoss frå Kvinesdal har venta sidan måndag og må bu seg på enda meir venting.

– Eg var først på hotell i Florø, men der vart det fullt, så no er vi her. Dei siste dagane har vi berre heldt oss i ro, i standby. Det blir veldig lange dagar. Vi veit aldri kor tid vi skal ut, så vi må halde oss vekke frå alkohol i alle fall.

Svein Matiasen skulle vore på jobb på tysdags morgon, han seier dei prøver å slå i hel tid ved å gå på shopping eller ete pizza.

– Vi har det bra, men det er trasigt, vi vil jo helst komme ut på jobb og komme i gong.

Det er framleis usikkert kva tid helikoptertrafikken kan vere i rute att.