– Så langt har me fått 13 kanselleringar for 2020, seier Jon Olav Stedje, assisterande hamnesjef i Aurland hamnevesen, til NRK.
Frå 1. januar 2020 blir det
for cruiseskip som vil besøka verdsarvfjordane. Alle skip som er bygd før år 2000 som ikkje er oppgraderte for å koma innanfor dei nye krava, får ikkje koma inn i Geirangerfjorden og Nærøyfjorden.Det var
som skreiv om saka først (abo.).13 kanselleringar så langt
Så langt har dei i Flåm fått 13 kanselleringar for neste år, og Stedje trur det blir fleire.
– Det er klart det blir ein økonomisk nedgang. I verste fall kan det bety 70 færre skip. Det er 90 000 passasjerar. I reine hamneinntekter, som avgifter og vederlag, betyr det mellom tre og fire millionar kroner, seier Stedje.
Dette er pengar som blir brukt til å betala for vedlikehald og oppgradering av til dømes grøntareal, parkar og toalettfasilitetar
Men han er oppteken av å ikkje berre sjå dei negative sidene ved at det blir færre skip.
– Me må bruka dette til å utvikla oss som cruise-destinasjon, og sjå det positive dette kan tilføra oss. No får me dei skipa me ønskjer oss i fjorden.
I 2022 blir krava skjerpa, og i 2025 blir dei endå strengare. Då er det berre fem prosent av dagens flåte som får lov å segla inn fjorden.
- Les også:
– Vil løfta kvaliteten
– Dette er veldig bra, og det vil løfta kvaliteten på heile destinasjonen. Ikkje minst er det bra for fjordane som verdsarvområde, seier Erling Oppheim, dagleg leiar i Nærøyfjorden Verdsarvpark, til NRK.
Han trur ikkje verdsarvfjordane vil bli mindre populære av den grunn.
– Dei skipa som kjem i framtida er større med plass til fleire passasjerar, og for Flåm og fjordane som reisemål vil det ikkje ha noko dramatisk effekt.
Ikkje same effekt i Geiranger
I Geirangerfjorden har dei ikkje fått like mange kanselleringar som i Flåm.
– Me har færre enn fem kanselleringar for 2020. Men det kan hende det vil koma fleire, sidan Flåm har så mange fleire enn me har, seier Rita Berstad Maraak, hamnesjef i Stranda hamnevesen.
– Me tolkar dette slik at cruiserederia i stor grad klarer å tilpassa seg dei nye krava, seier ho.