Guten vart lokalisert ved Selstad, to kilometer frå Fossfossen på fire meters djup. Dette er eit område som tidlegare har vorte gjennomsøkt. Truleg har straumen i løpet av torsdagen ført med seg avdøde til den staden han no vart funnen.
Avdøde vart henta opp av elva torsdag ettermiddag. (Foto: A. Nybø, NRK)
Kantra i kano
Ulukka skjedde ved Fossfossen kring klokka 21.15 måndag kveld. 16-åringen var åleine i ein kano på vatnet over fossen då kanoen kantra, og han vart teken av straumen og ført utfor den tretti meter høge Fossfossen.
Vanskeleg leiting
Mannskap frå Røde kors, dykkarar, tre helikopter og politiet har delteke i leitinga. Det vart og nytta hundar og lokale kajakkpadlarar i leitearbeidet. Men elva har fram til torsdag vore så stor at delar av ho har vore vanskeleg å gjennomsøke.
Den sakna vart funnen torsdag føremiddag etter at det har vore leitt sidan måndag kveld. (Foto: Arild Nybø, NRK)