Hopp til innhold

Kanonløp sender Øyvind til EM

Etter fleire trøblete år er Øyvind Strømmen Kjerpeset på full veg tilbake. No er han klar for EM i Amsterdam i juli.

Øyvind Strømmen Kjerpeset

SATSAR MOT OL: Øyvind Strømmen Kjerpeset leverer betre resultat enn han ha gjort på mange år. No har han trua på at han kan klare OL-kravet.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Kjerpeset sprang eit kanonløp på favorittdistansen 400 meter hekk i Belgia i dag. Florøværingen sprang på 50.39, noko som er godt under EM-kravet på 51.00.

Dermed er Kjerpeset på veg tilbake etter nokre tunge år prega av skader.

– Det er gledeleg å sjå at Øyvind er tilbake for fullt og nærmar seg sin norske rekord etter eit par sesongar der ikkje alt har klaffa, seier leiar i Sogn og Fjordane friidrettskrins, Narve Heggheim.

Har trua

Kjerpeset har noregsrekorden på distansen med 49.95. Den tok han i Göteborg i 2013. Gjennom det siste halvåret har Kjerpeset synt at han ikkje har vore i så god form som han er no på lenge.

I mars tok han ny personleg rekord på 400 meter innandørs i Oslo. Heggheim har tru på at Kjerpeset har endå meir å gå på på favorittøvinga hekk.

– Neste konkurranse er på heilt nytt banedekke under Florø Friidrettsfestival kommande laurdag, og det hadde sjølvsagt vore ekstra gledeleg om han fekk sjå 49-talet på heimebane, seier han.

Nærare OL enn på lenge

I denne farta kan OL-kravet vere innan rekkevidd, trur Kjerpeset sjølv. OL-kravet på 400 meter hekk er 49.30, litt over eit halvt sekund under Kjerpeset sin rekord.

– Eg er i den beste forma eg har vore. Frå eg var liten, men spesielt siste åra, så har OL vore målet. Eg må perse med eit halvt sekund, men eg har aldri før vore så godt budd. Alt skal klaffe for å klare OL-kravet, men eg er veldig positiv og utgangspunktet er bra.

Det sa han allereie etter innandørs NM i Bærum i mars. NRK har laurdag kveld prøvd å få kontakt med Kjerpeset, men førebels ikkje lukkast.