Hopp til innhold

Kan verte færre vidaregåande skular

Inntil fire vidaregåande skular i Sogn og Fjordane kan verte lagt ned.

Firda vidaregåande skule og Trivselshagen

FÆRRE ELEVAR: Firda vidaregåande skule på Sandane er ein av fire skular i Nordfjord. Regionen har nedgang i elevtalet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Færre elevar og utsikter til mindre pengar i den fylkeskommunale kassa gjer at fylkestinget er tvungne til å vurdere talet på vidaregåande skular i Sogn og Fjordane.

– Må kutte

Bergens Tidende skriv i dag at ei fylkeskommunal styringsgruppe samrøystes konkluderer med at det er urealistisk å oppretthalde dagens tal på skular.

Gruppa ber administrasjonen arbeide vidare med alternativa som føreset at talet på skular vert redusert med ein til fire skular.

– Vi kan ikkje gjere som strutsen, å stikke hovudet i sanden. Overføringane til fylkeskommunen vil bli reduserte med mellom 100 og 120 millinar kroner. Vi har ein situasjon som mildt sagt må karakteriserast som dramatisk, seier leiar for styringsgruppa, Arne Hovland (Ap) til Bergens Tidende.

Nedgang i Nordfjord

Elevtalsnedgangen er størst i Nordfjord der det er fire vidaregåande skular i Måløy, Eid, Stryn og på Sandane. I Sunnfjord derimot er det oppgang både i folke- og elevtalet. Her er det vidaregåande skular i Førde, Florø og Jølster.

Fylkestinget skal ta stilling til saka på møtet i desember.