NRK Meny
Normal

Kan vere fleire årsaker til at hengaren losna

Feil, skade eller slitasje kan vere årsaka til at eit vogntog i går mista hengaren med 16 500 liter bensin på veg gjennom Skatestraumtunnelen i Bremanger.

Hengarfestet som sleit då hengaren losna

DETTE ER ALT SOM ER ATT AV HENGAREN: Overingeniør Svein Arne Henjesand i ulukkesgruppa til Statens vegvesen seier hengaren skal tole å trekke 30 tonn.

Foto: Quirinus Adrichem

Overingeniør Svein Arne Henjesand i ulukkesgruppa til Statens vegvesen seier hengaren skal tole å trekkje 30 tonn.

– Slike bilar skal tole ganske mykje. Det skal ikkje losne slik som dette, seier han.

Mange moglege årsaker

Vogntoget var på veg frå Måløy til Florø med bensin, då hengaren med 16 500 liter losna, trilla i tunnelveggen og seinare eksploderte.

Overingeniøren presiserer at han uttalar seg på generelt grunnlag og ut frå eit bilete han har sett av draget.

Svein Arne Henjesand kan berre spekulere i kva som skjedde med hengaren Tore Myrestrand hadde på slep.

– Det kan vere mange ting. Det kan ha vore ein skade og utstyret er gamalt så det kan ha vore korrosjon i det, seier Henjesand.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hengarfeste til vogntoget i Skatestraumtunnelen

FEIL, SKADE ELLER SLITASJE: Det kan ha vore mange årsaker til at hengaren losna frå tankbilen og rende i fjellveggen i Skatestraumtunnelen.

Foto: NRK-TIPSAR

– Eit mareritt

Fylkesleiar i Norges lastebileigarforbund, Rolf Olav Tenden, seier hendinga i den 1,9 kilometer lange undersjøiske Skatestraumtunnelen er svært spesiell, og meiner det er viktig å få svar på kva som skjedde.

– Det er eit mareritt. Du kan aldri vere førebudd på at du mistar ein hengar. Det har ikkje skjedd i mi 40 år lange historie at eg har vore bort i noko slikt, eller høyrt om nokon som har det, fortel Tenden.

Måløy Havneservice eig vogntoget og dagleg leiar Bent Hammersvik sa i går til NRK at hengaren nyleg var kontrollert.

Administrerande direktør i Norges Latebileier-Forbund, Geir A. Mo, vil ikkje spekulere i kva som har skjedd.

– Når det gjeld denne ulukka må vi avvente nærmare årsaka før vi kan kommentere det som har skjedd, seier Mo til lastebil.no.

Mo seier dei tidlegare har advart om farene knytt til undersjøiske tunnelar.

– Vi er glade for at det ikkje ser ut til å vere alvorleg personskade, men omfanget av ulukka avspeglar farene med undersjøiske tunnelar, slik vi har advart om mange gongar. Konsekvensane blir fort alvorlege når slikt skjer i ein tunell, seier han til nettstaden.

Eksplosjon i Skatestraumtunnelen

TJUKK RØYK: Store mengder tjukk, svart røyk vella ut frå tunnelopninga etter eksplosjonen.

Foto: NRK.no-tipsar

Skal bremse automatisk

Henjesand seier både drag og hengarfeste er kontrollpunkt ved periodiske kontrollar.

– Det er viktig å hugse på at ein periodisk kontroll er ein kontroll der og då. Kva som skjer i månadane etter på det garanterer ikkje kontrollen for, seier han.

Er det ikkje eit slags system som skal hindra hengaren i å trille?

– Det skal vere slik at når hengaren skil seg frå bilen så skal bremsene gå på, seier Henjesand.

Skjer det automatisk?

– Dette skal skje automatisk. Når hengaren skil seg mistar den lufttrykket som held bremsene av.

Gå til forsiden

Brann i Skatestraumtunnelen

Tunnelbrann i Skatestraumtunnelen

Brann i Skatestraumtunnelen

12 bilder

    GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
    "Parkslirekne er ein plagsam vekst".
    Detaljane skal finpussast