Hopp til innhold

Kan tidlegast undersøke brannruinane måndag

Arbeidet er no i gang med å finne erstatningsbustader til dei som er råka av brannen i Bremanger natt til laurdag

Branntomta i Svelgen

BRANNTOMTA: Politiet reknar med at dei tidlegast kan starte undersøkinga i branntomta måndag.

Foto: TRULS KLEIVEN

Laurdag føremiddag var det eit møte i rådhuset med dei involverte, kommunen og politiet.

– Der orienterte vi om brannen i natt, og om arbeidet som no er i gang med å finne erstatningsbustader til dei som treng det, seier lensmann Hans Rune Strandos.

Natt til laurdag blei tre husvære slukt av flammane, tre familiar på til saman 10 personar miste alt dei eigde i brannen. Fire personar, deriblant to born på tre og fem år er sende til Førde Sentralsjukehus med lettare røykskadar.

Dramatisk

– Det var dramatisk. Det er kanskje fælt å seie det når tre familiar har mista alt dei eig, men midt opp tragedien har vi vore heldige også, det kunne lett ha gått så mykje verre.

Lensmann Hans Rune Strandos på branntomta i Svelgen.

ENORM VARMEUTVIKLING: Lensmann i Bremanger, Hans Rune Strandos, ved branntomtas i Svelgen.

Foto: Privat

For då brannvesenet kom fram til brannstaden fekk dei problem med vassforsyninga i området, og heile rekkehuset med elleve bustader var ei stund i fare. Til alt hell var det vindstille. Og endå viktigare – ingen menneskeliv gjekk tapt. To hundar brann inne.

– Det klart vi må sjå på vassforsyninga i området. Når det er sagt så var tre av husværa overtente då brannmannskapa kom på staden. Dei hadde vi nok ikkje kunne berge sjølv med betre vassforsyning.

Tre leiligheiter brann ned til grunnen og ei fjerde leiligheit fekk store skader i brannen i Svelgen.

Enorm varmeutvikling

Det har vore ei enorm varmeutvikling. Einebustadar som ligg ovanfor brannstaden har fått øydelagt vindauge på grunn av varmen. Listverk på brannbilen som stod der smelta.

– Vi får nok ikkje starta undersøkingar i branntomta før tidlegast måndag.

– Dei som budde i husa, har dei forklart noko som kan gi ein peikepinn om brannårsak?

– Det er for tidleg å seie noko om eventuell årsak, det er noko vi må kome attende til.

Røyskadar

Tre husvære er totalskadde i brannen, i tillegg har 11 husvære fått røyskadar i større eller mindre omfang. Strandos seier arbeidet med å finne erstatningsbustader er i gong.

– I tillegg til dei som har mist heimane sine, så er det og mange som ikkje kan eller ynskjer å flytte heim igjen enno på grunn av røyskadar. No ser vi etter erstatningshusvêre for desse inntil vi veit nærare når dei kan få flytte heim igjen.