Kan tene 100 millionar på cruise

Eid kan tene 100 millionar i året på cruisetrafikk. Det spår cruisedirektør Arthur Kordt, som og er medeigar i cruisekaia i Eid. I dag blei det første cruiseskipet på Nordfjordeid helsa velkomen med salutt, flagg og fjordhestar i gatene. Handelsnæringa håpar den første cruisesesongen vil gi klingande mynt i kassa. Allereie om få år meiner Kordt at cruisepassasjerane vil kjøpe varer og tenester for fleire millionar.

Arthur Kordt
Foto: Jan Harald Tomassen / NRK