Kraftselskap og kommunar kan tape millionar på strengare miljøkrav

Kommunane og kraftselskapa kan tape millionar når vilkåra for konsesjonane skal fornyast. Grunnen er strengare miljøkrav.

Årøy kraftverk

KAN BLI MINDRE LØNSAMT: Årøyvassdraget kan få redusert produksjonen med 15 til 20 prosent.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

I Sogn og Fjordane er 39 konsesjonar modne for revisjon Ordførar Ivar Kvalen i kraftkommunen Luster reknar med reduserte inntekter.

Han ser at to svært lønsame vassdrag for kommunen, Jostedøla og Årøyvassdraget, vil kunne få sterkt redusert kraftproduksjon når vilkåra for konsesjonane skal fornyast.

I dagens lovverk vert det opna for revisjon kvart trettiande år, og no nærmar det seg fristen.

– Dersom denne revideringa fører til høgare minstevassføring og dermed lågare produksjon, vil det føre til dårlegare inntening for kraftselskapa. Det vil igjen føre til mindre inntekter for vertskommunen, seier Kvalen.

Ivar Kvalen

– MINDRE INNTEKTER: Ordførar Ivar Kvalen må bu seg på at Luster kommune får mindre inntekter frå kraftverka.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Ti millionar i tapte inntekter

For Sogn og Fjordane kan det samla krafttapet bli tilsvarande det årlege straumforbruket til mellom 8.000 og 17.000 husstandar. Mest dramatisk er det for Årøyvassdraget, som med dei føreslåtte tiltaka kan tape 15-20 prosent av kraftproduksjonen. Jakob Hornnes i Sognekraft tek tala med fatning.

– Vi er ikkje svært bekymra.

NVE har nemleg utarbeidd eit oversyn over vassdraga der miljøgevinsten vil bli størst ved å innføre strengare vilkår. På det oversynet har Årøyvassdraget sju vassdrag over seg på lista.

– Det er sagt at det er dei som skal prioriterast først.

Men blir mellom anna kravet til høgare vassføring sett ut i livet, vil det få store utslag for det lokale kraftselskapet.

– Det kan utgjere rundt ti millionar i tapte inntekter kvart år, seier Jakob Hornnes.


Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.
Mange hoppbakkar i Norge ligg som attgrodde monument frå ei gløymd stordomstid. Og utan hoppbakkar forsvinn også skihopparane. Men på Hafslo i Sogn og Fjordane held brødrene Lomheim hoppsporten i live med hundrevis av dugnadstimar, i håp om ein gong å sjå nye rekruttar sleppa seg frå bommen.