Denne korallen kan gi oppdrettar fleire hundre millionar i tapte inntekter

Fylkesmannen i Vestland har trekt tilbake utsleppsløyvet til eit oppdrettsanlegg i Vågsøy grunna fare for skadar på blomkålkorall.

Blomkålkorall

BLOMKÅLKORALL: Det er funn av blomkålkorall som gjer at Fylkesmannen trekkjer tilbake utsleppsløyvet til oppdrettsanlegget i Vågsøy. Fylkesmannen meiner det er risiko for at korallen kan bli påført skadar som følgje av aktiviteten. Dette biletet er ikkje frå funnet i Vågsøy.

Foto: Mareano / Havforskningsinstituttet

Troland Lakseoppdrett AS, Langøylaks AS og Austevoll Melaks AS har i to år jobba med å få til eit oppdrettsanlegg ved Husevågøy i Vågsøy. At utsleppsløyvet no er trekt tilbake som følgje av eit funn av blomkålkorall får store følgjer for selskapa, noko Fjordenes Tidende først melde om.

Vi står utan lokalitet til å setje ut smolt vi skulle ha ut denne månaden. Vi har tilsett folk, investert i utstyr og anlegget er klart. Vi har ikkje noko alternativ, seier Carl Erik Arnesen, som er styreleiar i Troland Lakseoppdrett AS.

Store tap

Selskapa har gjort forundersøkingar og investeringar for 39 millionar kroner. Smolten som er bestilt har ein verdi på 15 millionar kroner. Produksjonstapet på 4000 tonn sløyd laks er verdisett til 237 millionar kroner.

Carl-Erik Arnesen i Hav Line Gruppen

STORE TAP: – På sikt er det mange hundre millionar i tap ved at produksjonen blir stogga, seier Carl Erik Arnesen, styreleiar i Troland Lakseoppdrett AS.

Foto: Eivind Fondenes / NRK

– Blei du overraska over konklusjonen til Fylkesmannen?

– Eg blei svært overraska. For å få lov til å legge ut lokalitet må ein har gjort undersøkingar av botnforhold, det er sett av til akvakulturføremål. Blomkålkorallen blei tilfeldig oppdaga av ein sportsdykkar. Slik eg les blomkålkorall ikkje raudlista og det er vanleg at den førekjem på kysten, seier Arnesen.

– Eg synest Fylkesmannen har fatta ei dramatisk avgjerd på eit tynt grunnlag.

– Ein unik førekomst

Det var i juni i år ein dykkar gjorde funn av blomkålkorallen i anleggsområdet.

Det har i ettertid vorte gjort undersøkingar, og Fylkesmannen meiner det er risiko for at utslepp frå akvakulturanlegget kan skade blomkålkorallen.

– Det som har kome fram gjennom undersøkingar Havforskingsinstituttet og Rådgivende Biologer har gjort, er det at dette ein unik korallførekomst i norsk samanheng, seier miljødirektør hos Fylkesmannen i Vestland, Kjell Kvingedal.

Han seier dei etter undersøkingane har fått eit heilt anna kunnskapsgrunnlag. Fylkesmannen fryktar det ikkje vil vere foreinleg å drive oppdrettsaktivitet ved førekomsten.

– Då ville det medføre vesentleg skade eller totaltap, gitt at driftsforma der utsleppa går rett ut i ope økosystem, seier miljødirektøren.

Kvingedal viser til at Fylkesmannen i andre oppdrettssøknader har gitt avslag i tilfelle der det er dokumentert korallar.

Ikkje foreinleg

Miljødirektøren gir Arnesen rett i at blomkålkorallen ikkje er raudlista, men held fast ved at den i norsk samanheng er unik.

– Den er også klassifisert av Havforskingsinstituttet som unik ut frå utbreiing og omfang, og ikkje minst at det tek utruleg lang tid å etablere ein slik korall.

Kvingedal seier dei har vurdert saka opp mot verdiane selskapa har investert, men ikkje lagt vekt på framtidige inntekter på lokaliteten.

– Vi har i ei totalvurderinga kome til at fordelane er større for naturverdiane enn ulempene for selskapa.

Han viser til at Fylkesmannen vurderte å gjere løyvet midlertidig og overvake situasjonen.

– Men vi vurderte at vi truleg ville kome til same konklusjonen, og at ein då også ville få skade på denne unike korallførekomsten.

Utsleppsløyvet for akvakulturproduksjon blei gitt i desember i fjor. Det er tilsett fire personar, som Arnesen seier dei no må prøve å finne arbeid til andre stader.

– Vedtaket kom i går, så no studerer vi det og kan sjølvsagt anke til Miljødirektoratet og prøve det rettsleg. Men vi ser i det heile ganske mørkt på det. Det tek eit par år å skaffe ein ny oppdrettslokalitet, vi skjønnar ikkje korleis skal klare det på kort tid, seier Arnesen.