Hopp til innhold

Trailer velta – prøver å redde 25 tonn fersk fisk

25 tonn fersk fisk må lossast for hand i minusgrader før fylkesveg 60 over Utvikfjellet kan opnast for fri ferdsel igjen.

Vogntog velta på Utvikfjellet

STENGD: Fylkesveg 60 er stengd utover kvelden, men vil vere open i periodar.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Det er eit krevjande arbeid å få laksen ut av traileren som ligg på halv åtte, seier Kjetil Molvær på Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Seint tysdag kveld velta ein trailer på fylkesveg 60 over Utvikfjellet. Det er 25 tonn fersk fisk i traileren, som må lossast ut av bilen for hand.

Laksen er pakka i isoporkasser, og deler av emballasjen er øydelagt, dette forsinkar arbeidet. Ifølgje vegtrafikksentralen kan dette ta tolv timar.

Natt til torsdag opna vegen att for fri ferdsel.

Kjell Ove Hornnes

PÅ JOBB: Kjell Ove Hornnes i Førde bilberging

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Prøver å redde fisken

Bilbergar Kjell Ove Hornnes i Førde bilberging var ein av mange som gjorde ein innsats rundt vogntoget med fisk onsdag.

– Planen er å tømme vogntoget for fisk i løpet av ettermiddagen og kvelden, seier Hornnes.

Mange folk og mykje utstyr var på plass under arbeidet.

– Litt av grunnen er at verdien på fisken om bord er så pass høg at det er verdt å gjere ein innsats for å prøve å berge lasta. Men plassen vogntoget har køyrt ut på gjer også at det krev ein del folk og maskiner for å handtere situasjonen, seier Hornnes.

Vogntog velta på Utvikfjellet
Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Spesielt oppdrag

– Er det eit spesielt oppdrag?

– Ja, det er ikkje kvar dag vi har semitrailer med ei full last med fisk liggande på sida her.

– Kva trur du vil skje med fisken?

– Det må bli eigar og forsikringssak. Vi vi prøver uansett å berge kvar ei kasse med fisk.

Bilbergaren håpar dei blir ferdig i løpet av kvelden.

– Når morgontrafikken kjem på håpar eg at både lasta og trailerane er vekke, seier Hornnes.

Velta trailer på Utvikfjellet

FERSK FISK: 25 tonn fersk fisk blir forsøkt redda i løpet av onsdag ettermiddag.

Foto: Anna Gytri / NRK