Hopp til innhold

Kan synse om kommunevåpen

No har folk sjansen til å seie meininga si om kva som bør bli nytt kommunevåpen for Sunnfjord kommune. Det står mellom to utarbeidde retningar: «Fire elver» eller «Vi er Sunnfjord kommune». Dei som har synspunkt, kan dele desse via nettsida til nye Sunnfjord kommune. Det er firmaa Rein Design og Haltenbanken som er hyra inn for å forme ut kommunevåpenet.