Hopp til innhold

Kan stå framfor eit oljeeventyr

Gjøa kan ha vore starten på eit oljeeventyr utanfor kysten av Sogn og Fjordane. Torsdag kveld orienterte eit tysk storkonsern om sine funn utanfor Florø.

John Clark

LA FRAM PLANANE: John Clark presenterte det nye oljefunnet vest av Florø på vegner av tyske RWE.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Eit oljefunn gjort av det tyske storkonsernet RWE vest av Florø gir nytt håp om auka oljeaktivitet i kystbyen. I går var selskapet sin leitesjef i byen for å orientere medlemmene i Norsk Petroleumsforening i fylket.

– Eg kan iallall seie at det er få funn som ser så lovande ut, som ikkje er utbygd på norsk sokkel, for å seie det sånn, sa John Clark.

LES OGSÅ: Starta produksjonen på Gjøa

Han fekk med det folk i salen til å trekkje på smilebandet, men likefullt er bodskapen ikkje til å misforstå:

No torer næringslivet i fylket å snakke om eit oljeeventyr - også i Sogn og Fjordane.

Første funn på norsk sokkel

RWE har hovudkontor i Hamburg, og er eit av dei største selskapa i Tyskland, med både olje og gass, kjerne- og vindkrafverk.

No har dei funne olje vest av Florø. På møtet i Florø presenterte Clark det som kan bli eit nytt kapittel i fylket si oljesoge.

– Det er nesten utruleg at det tok så lang tid å finne det, men Titanfunnet er eit veldig spennande funn for oss. Det er eitt av dei første funna vi har hatt på norsk sokkel, forklarer han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bente Frøyen Steindal

OPTIMIST: Ordførar Bente Frøyen Steindal har stor framtidstru i Flora.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Vil leggje til rette for utvikling

Etter å berre ha fått «smular» av det norske oljeeventyret opp gjennom åra, ser fylket - og først og fremst Florø no omsider ut til å få sin del av kaka:

  • Gaz de France Suez si Gjøa-plattform har vore i drift i seks månader, og har store deler av sin logistiske organisasjon i Florø.
  • Fjord Base forsyner dei fleste plattformene vest av fylket veks og veks.
  • Neste år etablerer British Gas seg i Florø.
  • No skaper tyske RWE håp om endå meir aktivitet.

– Eg er veldig optimistisk. Dette var kjekt å høyre, og eg har stor tru på framtida, seier ordførar Bente Frøyen Steindal til NRK.no.

– Korleis kan Florø kommune og Sogn og Fjordane Fylkeskommune no jobbe for å sikre seg større del av kaka dersom dette blir utbygt?

– Vi har hatt eit godt samarbeid med selskapa, og det må vi halde fram med. Så må vi følgje opp med dialog og leggje til rette med det dei treng for utvikling, seier Frøyen Steindal.

Veit mykje meir om nokre år

Ifølgje leitesjef John Clark er det uråd å seie kor tid utvinning av olje på det nye feltet kan komme i gang. Men han er full av lovord om funnet vest av Florø.

– Det er veldig positive brønnresultat, det er ikkje å komme ifrå. Men først til sommaren har vi samla inn 3D-seismikk. Når det er ferdig prosessert, har vi betre kart - og så kan vi plassere nye brønner. Det kan først komme i 2012, og vi bør bore også 2013. Då bør vi kunne vite mykje.

– Dersom alt klaffar, så kan det vere drivverdig storleik.

– Trur du det ligg mykje uoppdaga olje og gass utanfor kysten av Sogn og Fjordane?

– Vi hadde ikkje gjort dette, om vi ikkje hadde tru på det, seier Clark.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gjøa plattform

GJØA: Nyopna Gjøa er mellom mange faktorar som gjer næringslivet i Florø til optimistar med tanke på framtida.

Har større framtidstru enn nokon gong

For mange av tilhøyrarane i Florø var det som musikk å høyre Clark leggje fram informasjonen om oljefunnet.

– No har vi fått mange gode meldingar dei siste åra. No har vi Statoil her i 25 år, så kjem Gas de France Suez og British Gas og etablerer seg her. Dei står i kø, smiler Bjørn Hollevik i Flora industriforeining.

Han held fram:

– I tillegg har vi RWE med spennande funn. For meg som har jobba i denne bransjen i 25 år, så har eg aldri hatt meir framtidstru en akkurat no.