Hopp til innhold

Kan spare 12 millionar i Lærdal

Helse Førde vil spare minimum seks millionar kroner på legge ned den forsterka fødestova i Lærdal.

Lærdal sjukehus

Helse Førde kan spare 12 millionar kroner ved å legge ned fødestova i Lærdal. Ynskjet til fleire av styremedlemene i Helse Førde vekkjer sinne hjå Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus. Fødeavdelinga vart 1. april 2004 gjort om til fødestove.

Foto: unknown / NRK

Det viser utrekningar gjort av tillitsvald for overlegeforeningen og overlege ved kvinneklinikken i Førde, Tom Guldhav.

- Eit reknestykke som viser innsparingar på seks millionar kroner vil berre vere kostnadar knytt til gynekolog og jordmødre, seier Guldhav.

12 millionar kroner

I dag vart det kjent at styremedlem i Helse Førde arbeider for å legge ned den forsterka fødestova i Lærdal . I år er det fødd 50 born ved avdelinga. Noko som vil vere mindre enn botnåret i 2006. Men det kan vere mykje pengar å spare på å legge ned fødestova. Tek ein med at operasjonsavdelinga vil kunne ha mindre beredskap, då ein tek vekk beredskapen for keisarsnitt, vil innsparingane vere minimum 12 millionar kroner, fortel Guldhav.

- Utrekningane tek ikkje omsyn til eventuelle reisekostnader i form av til dømes ambulanse og drosje. Men med 50-60 pasientar per år, så vil ikkje dette beløpet bli veldig stort, seier Guldhav.

- Ikkje uforsvarleg

Guldhav meiner det ikkje vil vere rett å fjerne operasjonsstova i sin heilskap.

- Då må ein i så fall halde fram med operativ verksemd på dagtid. Som til dømes urologi og ortopedi, seier han. Han meiner likevel at det ikkje vil vere uforsvarleg å flytte 50-60 fødslar hjå friske kvinner med normale svangerskap til Voss eller Førde.

- Det er ingen faglege grunnar til at dette ikkje skulle vere forsvarleg, seier han.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER AVSTEMMINGA)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Minimumstal

Overlegen seier at tala ikkje er nøyaktige, men understrekar at dei ikkje er overdrivne. Utrekningane er minimumstal.

- Tala på seks og 12 millionar kroner, er berekna for to år attende og vil vere større i dag, seier Guldhav og legg til at det er ikkje hans mål at tilbodet blir lagt ned.

- Men dersom ein skal oppretthalde eit slikt tilbod, så bør det komme øyremerka midlar til det, seier han.