Hopp til innhold

Kan Sp runde 50 år med makta i Gloppen?

SANDANE (NRK): Høgre i Gloppen meiner Senterpartiet er styringstrøytte etter 47 år med makta. Sp ser ingen grunn til å gje frå seg ordførarkjedet. Korleis har Senterpartiet klart å halde på makta så lenge?

Leidulf Gloppestad

OFFENSIV: Leidulf Gloppestad (Sp) ser ingen grunn til at ikkje ordførarkjedet skal gå i arv til han også dei neste fire åra.

Foto: Silje Guddal / NRK

Ved Firda vidaregåande på Sandane gjer avgangselevane seg klare for sommar og fri. Til hausten skal dei gå til stemmeurnene for aller første gong.

I heile deira liv har Senterpartiet styrt heimkommunen.

– Vi merkar at vi bur på bygda. Dette er ei bondebygd, og då vel ofte folk Senterpartiet. Eg veit at heime så er det Senterpartiet det går i, seier raudruss Hege Kandal.

Denne veka ser NRK nærmare på fire kommunar i samband med kommunevalet til hausten. I Gloppen er det Senterpartiet det har gått i, sidan 1968 då Ola M. Hestenes vart ordførar, tre år etter samanslåinga av Gloppen og Breim.

Firda-russ

FØRSTE GONG TIL STEMMELOKALA: Firda-russ Hege Kandal og Eirhild Alme har aldri hatt noko anna enn ein Senterparti-ordførar. 14. september skal dei røyste for første gong.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det er utruleg lenge. Eg har ikkje tenkt over at dei har sete så lenge med makta, seier avgangselev Eirhild Alme.

– Det blir ein vane. Det er på ein måte det vi har hatt og det er det vi skal ha, tenkjer folk. Men det kunne vore kjekt å prøve noko nytt, seier Kandal.

Noko nytt?

Nokon som veldig gjerne vil prøve noko nytt er Høgre i Gloppen. I dag Høgre det nest største partiet i kommunen, etter at dei fekk 19,1 % oppslutnad i kommunevalet i 2011.

– Vi og synest det er lang tid med Senterpartiet ved makta, seier Anniken Rygg.

Rygg var eit år gammal då Senterpartiet fekk makta i 1968. No vil ho sjølv sitte med ordførarkjedet rundt halsen.

– Viss vi skal få ei endring, så er det no ein må gjere det, seier ein valkampklar Rygg.

Anniken Rygg

ØNSKJER ENDRING: Høgre sin ordførarkandidat Anniken Rygg meiner 47 år med Sp-dominans er nok.

Foto: Silje Guddal / NRK

Endring eller ei, Senterpartiet har klart å halde på makta i alle desse åra. Korleis?

Landbruk og stemmesankarar

For å setje ting i perspektiv. Då Senterpartiet fekk ordførarkjedet var verda skaka over herjingane i Vietnam-krigen. Her heime fekk endeleg Sonja Haraldsen sin kronprins Harald og Phillips kunne melde om det første oljefunnet på norsk sokkel.

Verda har gått vidare, men ordføraren i Gloppen er framleis senterpartist.

– Litt av forklaringa er at det har vore og er framleis eit stort landbruksmiljø her, seier Bjørn Grov.

NRK møter avisredaktøren i Firda Tidend i lokala i Sandane sentrum. Grov har følgt tallause valkampar i Gloppen. Ikkje mange har vore veldig spennande.

Han peikar på landbruk, sterke bygder og solide stemmesankarar som årsak til at Senterpartiet har klart å halde på makta i ein mannsalder.

– Senterpartiet har hatt politikarar som har markert seg heilt tilbake til John A. Austrheim som var både partileiar og statsråd. Vi har hatt Ola M. Hestenes, han «Fylkes-Ola», så kom han "Fylkes-Nils" (red.anm: Nils R. Sandal). Enkeltpersonar som har profilert partiet og sjølvsagt vore litt stemmesankarar, seier Grov.

Ingen plan B

Gloppen kommune har dei fire siste åra hatt ein folketalsauke på 74 personar. Arbeidsløysa er på 0,7 prosent. Økonomisk har Gloppen eit stramt kommunebudsjett, som viste att då tre skular vart nedlagde i 2009. På den andre sida eig kommunen heile tre kraftverk.

Høgre vil gjere ting på ein annan måte. Ordførarkandidat Anniken Rygg meiner å sjå eit Senterparti som er lei av å ha makta.

– Mitt inntrykk er at Senterpartiet rett og slett verkar styringstrøytte, og litt lei heile greia, seier Rygg.

– Kva hadde vore annleis om Høgre hadde sete med makta dei fire siste åra?

– Høgre representerer litt andre måtar å arbeide på. Vi ville vore mykje meir synlege, involvert oss meir med innbyggjarane våre. Ikkje berre protestere for alt gale som skjer, men sjå framover, seier Rygg.

Føler du det er det Senterpartiet gjer, berre protesterer?

– Eg har inntrykk av at Senterpartiet er litt for mykje i protest og opposisjon for tida, mot alt og alle, seier utfordraren.

Sandane, Gloppen Kommune

50 ÅR: Kan Senterpartiet runde 50 år i bygda? Høgre meiner dei er styringstrøytte, men dette avviser Senterpartiet.

Foto: unknown / NRK

Påstanden til Rygg vert kontant avvist av Senterpartiet sin ordførarkandidat.

– Nei, på ingen måte. Det får stå for hennar rekning. Vi er like opptekne av utvikling som vi alltid har vore, seier Leidulf Gloppestad som ser ingen grunn til at Senterpartiet ikkje skal sitje med ordføraren også i dei komande fire åra.

– Vi er eit offensivt parti, vi går inn i ein ny valkamp med ambisjonen om å ta ordføraren. Vi har ikkje nokon plan B, seier Gloppestad.

Brei satsing

Leidulf Gloppestad meiner Senterpartiet har styrt kommunen ut ifrå ei satsing på oppvekst, kultur og eldreomsorg.

– Vi har satsa i Hyen, vi har satsa i Breim og sørga for at det har vore vekst og utvikling i alle delar av kommunen. Det er viktig for Gloppen som er ein distriktskommune på alle måtar, seier Gloppestad.

– Men ein la jo ned skulen på Rygg til dømes?

– Vi har lagt ned Rygg, og andre skular, og eg kan forstå at skulenedleggingar ikkje er noko kjekt, og at det vekker reaksjonar, seier han.

Gloppestad forklarar den årelange dominansen til hans eige parti med den korte vegen frå lokalpolitikken, til partiet sentralt. Ei direktelinje til toppen, kallar han det.

– Slik at viktige kampar som har vore kjempa her, til dømes flyplass, E39, det er kampar som vi kjempar i lag med partiet, forklarar ordførarkandidaten.

– Med de tapte jo kampen om bru over Nordfjord?

– Brua, E39, tapte vi, og så kan ein spørje om resultatet hadde vore noko annleis om det var eit anna parti som styrte. Poenget mitt er at ein kjempar i lag, heile vegen. Det som er viktig for oss lokalt, er også viktig sentralt, seier han.

Snart skal Gloppestad stå på stand som ordførarkandidat. Kva vil han trekke fram for å sikre seg nok veljarar til å halde på makta i Sp-hender?

– Senterpartiet har opna for to barnehageopptak i året, for å få ned sjukefråveret i helse- og omsorgssektoren har vi auka grunnbemanninga. I tillegg vil eg trekke fram Trivselshagen, som eit samla kommunestyre står bak, som vi kunne bygge fordi vi ikkje selde kraftaksjane til kommunen, seier Gloppestad.

Eit spennande val?

14. september går glopparane til stemmeurnene. Ved lokalvalet i 2011 gjekk Senterpartiet tilbake og fekk 34,2 prosent oppslutnad. Høgre fekk 19,1 prosent oppslutnad.

I avisredaksjonen til Firda Tidend, der Senterpartiet har ein eigarpost på 45 prosent, sit ein redaktør som håpar på eit spennande val.

Kven sit med ordførarkjedet 15. september?

– Ja, sei det! Eg trur faktisk dette vert eit av dei mest spennande vala vi har hatt her, seier ein optimistisk Grov.

– Eg trur faktisk ikkje at det vert avgjort valdagen heller, men at forhandlingane i etterkant vil avgjere kven som vert ordførar, seier redaktøren.