Hopp til innhold

Kan snart ta bilen til jobb

Etter fleire år med venting kan dei 45 innbyggjarane på Hisarøy no få kabelferjesambandet til øya i drift.

Nyhamar på Hisarøy i Gulen

KABELFERJE: I dag er det berre persontransport mellom Hisarøy og fastlandet.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Tre selskap har levert tilbod på å drifte det elekstriske kabelferjesambandet mellom Mjånes og Hisarøy i Gulen kommune.

Kun persontransport

No er det kun persontransport mellom øya og fastlandet.

– For innbyggjarane har det veldig mykje å seie at dei kan kome til og frå øya med bil, seier ordførar i Gulen Halvard Oppedal.

Hisarøy vert den siste av dei store øyane i Gulen som får fastlandssamband.

– Sjølv om oppstarten av kabelferja vert noko forsinka i høve det som var planen, er eg veldig glad for at det går mot oppstart, seier Oppedal.

– Ein milepæl

– Vi er veldig glade for alle milepælar som vert passert, seier leiar i Hisarøy grendelag, Aslak Nyhammer.

Nyhammer er fornøgd med at innbyggjarane snart kan ta med seg bilen til fastlandet, men er førebels forsiktig optimist om kva tid det faktisk vil skje.

– Det blir ikkje noko champagnespretting før vi ser anleggsmaskinene på plass, seier Nyhammer.

Vil koste minst 50 millionar

Det er selskapet Wergeland AS som har levert det rimlegaste tilbodet. Dei skal ha 50 millionar kroner for å drifte sambandet.

Dei andre som har søkt om å drive sambandet er Norled, for 62 millionar kroner og Hisarøysambandet som skal ha 63 millionar kroner for å drifte kabelferja.