Hopp til innhold

Gav lærdalskvinna så mange grunnar for å juble

Uttrykket «når du snakkar om sola, så skin den» gjeld definitivt for den nybakte lottomillionæren frå Lærdal.

May Lisbeth Midtgård Myrvang gratulerer

GRATULATØR: Programleiar May Lisbeth Midtgård Myrvang gratulerte fire nye spelarar med millionpremie laurdag.

Foto: Atle Jensen / Norsk Tipping

Kvinna i 60-åra fekk laurdag kveld telefonen som mange ynskjer å få. Sjølv om TV stod på med Lotto-trekninga i bakgrunnen, var ho ifølgje Norsk Tipping heilt uvitande om at ho var blant dei fire nye lottomillionærane.

– Herregud! Kva er det du seier? Nei, no er eg heilt i sjokk her, svara kvinna då Norsk Tipping ringde.

– Eg og mannen snakka om at vi sikkert ikkje var blant dei heldigaste i kveld heller. Så feil kan ein ta, heldt ho fram overfor den glade bodbringaren.

Ifølgje Norsk Tipping sine sider er det førebels uvisst kva ho ynskjer å bruke pengepremien på.

– Dette må sige inn først, så får vi sjå. Men vi har born som også vil få gleda av denne premien, sa ho.

I tillegg til kvinna frå Lærdal, kan også to personar i Oslo og ein frå Telemark no smykke seg med tittelen Lotto-millionær.