Hopp til innhold

Kan skape nye arbeidsplassar i Flora

Ein avtale om mogleg kjøp av Pelagia sitt anlegg i Gunhildvågen er inngått. Ordføraren i Flora, Ola Teigen, er veldig optimistisk.

Pelagia Florø

NEDLAGT: Pelagia sitt anlegg i Florø vart stengt for eit år sida.

– Det er veldig bra. Vi treng arbeidsplassar, spesielt etter at det forsvann 60 arbeidsplassar ved Pelagia sitt anlegg, seier Ola Teigen, ordførar i Flora.

Steinvik Fiskefarm inngjekk i går ein avtale om mogleg kjøp av Pelagia sitt anlegg i Gunhildvågen i Florø.

– Om kjøpet går i orden, reknar ein med 20 til 30 nye arbeidsplassar på kort sikt, og opp mot 60 innan ein periode på 5 til 8 år, skriv selskapet i ei pressemelding.

Pelagia la ned drifta ved anlegget i oktober i fjor og sidan har bygget stått tomt. Kommunen har jobba målretta for å få til drift i lokala.

– Vi skal jobbe fram mot ei endeleg avgjerd i haust. No skal dei gå gjennom bygget og sjå kva som er mogleg å få til. Eg håper dei skal finne ut at dette er liv laga og at dei set i gang med dei prosjekta dei har. Eg er veldig optimistisk, seier Teigen.

– Må finne alternativ aktivitet

I avtala som er inngått er det begrensingar på bruken.

– Bygget kan ikkje innehalde pelagisk aktivitet. Dette gjer til at ein må finne alternativ aktivitet innan andre område i fiskerinæringa, står det i pressemeldinga.

No er det opp til Steinvik Fiskefarm og Alex Vassbotten og finne ut kva dei skal bruke anlegget til.

Ola Teigen, ordføraren i Flora, på veg heim frå Batalden

OPTIMISTISK: Flora-ordførar Ola Teigen har tru på at Steinvik Fiskefarm vil finne eit egna bruksområde for anlegget.

Foto: Snorre Sandemose / NRK

– Med det engasjementet og den viljen Alex Vassbotn har, så trur eg han får det til. Vi er så heldige i kommunen at vi har oppdrettarar med risikovillig kapital og vilje til å skape arbeidsplassar lokalt, seier Teigen.

Ser moglegheitene

Alex Vassbotten i Steinvik Fiskefarm er nøgd med å ha skrive under på avtala. Han har planane klare.

– Vi vil kjøpe bygget og legge til rette for eventuelle leigetakarar. Det er andre selskap som vil stå for arbeidsplassane. Det vi prøvar å få til er dyreforedling av laks og aure, fortel Vassbotn.

Han håpar på aktivitet allereie til våren

– Er vi dyktige og flinke og alt går som det skal, så håpar eg at det står bilar på parkeringsplassen og at folk er travle med å lage gode produkt inne i bygningane, til våren ein gong, seier Vassbotten.