Preben (19) spelar med ekstra mange følelsar under skjorta i dag

Den unge handballspelaren takkar klubben og skulen i Gloppen for at han kan ta steget opp i eliteserien. I sin siste kamp i GHK-trøya kan Preben Indrebø vere med å sikre laget opprykk.

Preben Indrebø i aksjon mot Stryn i sin siste heimekamp på Sandane

PÅ STREKEN: Preben Indrebø seier det for hans del vart ein tøff kamp då Gloppen møtte Stryn i Trivselshagen fredag. Han noterte seg med eitt mål i siste heimekamp.

Foto: Aadne Gloppestad/Firda Tidend
Anna Gytri
Journalist

– Det hadde vore veldig artig å avslutte Gloppen-åra med eit opprykk, seier førdianaren søndag føremiddag.

Om berre nokre timar tek han for siste gong, iallfall i denne omgang, på seg den raude Gloppen-trøya. Som suverene vinnarar av avdelinga i 3. divisjon spelar glopparane kvalik mot Stryn denne helga. Etter eit svært tett oppgjer på fredag ligg alt til rette for ein spennande kamp i ettermiddag.

– Det var ein veldig tøff og jamn kamp, seier Indrebø om første del av nabooppgjeret og seier alle lokaloppgjer lev sitt eige liv.

– Litt trist

For 19-åringen frå Førde blir kampen i dag ekstra spesiell. Som den første mannlege handballspelaren frå Sogn og Fjordane skal han frå august av spele i eliteserien. Halden elite blir neste stoppestad.

Ei lita stund til brenn hjartet hans for klubben i Gloppen.

– Det er på Sandane eg verkeleg har tatt steget som handballspelar gjennom gode trenarar og lærarane på Firda vidaregåande, seier Indrebø.

Som elev på toppidrett, handball, på den vidaregåande skulen i Gloppen har mykje dreia seg om ballsporten. Både på skulen og utanom har han knytt tette band, dermed er det ekstra mange kjensler som er i sving denne helga.

– Både før og etter kampen på fredag merka eg at det var litt trist. Eg har vore tre år på Sandane og i Gloppen, og det å spele siste kampen på heimebane, det var litt trist. Men det var ei fantastisk atmosfære og ei fantastisk avslutning, seier han.

Preben Indrebø takkar glopparane etter sin siste heimekamp

TAKKA FOR SEG: Preben Indrebø nytta høve til å takke for seg i eit fullsett Trivselshagen på fredag. Søndag er han klar for sin siste kamp i GHK-trøya.

Foto: Aadne Gloppestad/Firda Tidend

Vil gje alt i siste kamp

Klokka 14 i ettermiddag står Gloppen klare i Strynehallen. Stryn, som kom på kvalikkplass i 2. divisjon, har eit ørlite forsprang etter 23-22-sigeren fredag.

Indrebø er klar for å gje alt i sin aller siste kamp for raudtrøyene.

– Det blir først og fremst ufatteleg spennande, kjekt og trist. Eller ikkje trist, men litt vemodig. Det er mange kjensler før den kampen.

– Det hadde vore veldig kjekt å slå Stryn i dag og sikre Gloppen opprykk i min siste kamp.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.