NRK Meny
Normal

Staten har siste ord

I Askvoll kan politikarane seie nei til at det einaste hotellet i kommunen blir brukt til asylmottak. Men det kan vise seg å bli til liten nytte.

Askvoll Fjordhotell

REGULERINGSPLAN: Dei nye eigarane som vil bruke hotellet som asylmottak er truleg prisgitte at kommunen endrar reguleringsplanen. Det kan kommunen nekte å gjere.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Både innbyggjarar og politikar i Askvoll er opprørte og frustrerte fordi personane som nyleg kjøpte hotellet har ein avtale med selskapet Hero om å bruke det til mottak for einslege, mindreårige asylsøkjarar.

– Reaksjonane dreiar seg nærmast utelukkande om vi skal miste det einaste hotellet vi har, seier ordførar Frida Melvær (H).

Kan nekte bruk til asylmottak

I går sa Melvær at heile reiselivet i kommunen blir råka hardt, for hotellet har forsynt resten av kommunen med gjester, aktivitet og pengar i kassen.

Frida Melvær

ORDFØRAR: Frida Melvær

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Men framleis er ikkje alt avgjort. Dei nye eigarane må truleg endre på reguleringsplanen, opplyser kommunen. Dermed har politikarane i det minste i teorien ein sjanse til å seie nei.

– Dette bør kome til politisk behandling. Det er ikkje ei kurant sak å omdisponere hotelldrifta til eit mottak, seier Melvær

Klar beskjed frå ministeren

Politikarane merkar no presset, både frå innbyggarane og næringslivet som vil ha hotell, men også frå regjeringa som treng mange mottak i møte med den store flyktningstraumen.

Alt i sommar sende kommunalministeren ut eit rundskriv med klar beskjed om at kommunane raskt og greitt skal få på plass nye mottak.

Assisterande fylkesmann i Sogn og Fjordane Gunnar Ove Hæreid seier på generelt grunnlag at ein kommune kan overprøvast om staten finn det riktig.

Assisterande fylkesmann Gunnar O. Hæreid, Sogn og Fjordane

ASSISTERANDE FYLKESMANN: Gunnar Ove Hæreid.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Kommunaldepartementet har i eit ferskt rundskriv understreka at å leggje til rette for asylmottak er ei viktig samfunnsinteresse etter plan- og bygningslova. Dess nærare ei omregulering til asylmottak ligg tidlegare bruk, dess meir krev vi av grunngjeving for å avslå, seier Hæreid.

– Det er mange tankar som går gjennom hovudet både på meg og folk flest no. Vi må få pusta, og så må vi handtere saka etter beste evne, seier Frida Melvær.