NRK Meny
Normal

Kan redusere kutta med 127 millionar kroner – viss ein får i stand ei femårsavtale

Sogn og Fjordane fylkeskommune kan sleppe med eit samla kutt på 120 millionar kroner dersom ein femårsmodell med kompensasjon til fylkeskommunane som tapar mest på det nye inntektssystemet vert vedteke.

Tore Eriksen, fylkesrådmann, Sogn og Fjordane Fylkeskommune

HÅPAR: Fylkesrådmann Tore Eriksen håpar ein får på plass ein femårsmodell, noko som vil gje kjærkomne kroner i fylkeskommunekassa i åra framover.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Etter våre utrekningar betyr statsbudsjettet at vi må kutte 247 millionar kroner. Dersom denne femårsmodellen skulle få tilslutning i kommunalkomiteen, betrar vi posisjonen vår med 127 millionar kroner, og kjem ut med eit samla kutt på 120 millionar kroner. Det er på eit anna nivå enn kva vi har frykta ei god stund, seier fylkesrådmann i Sogn og Fjordane, Tore Eriksen.

I budsjettforliket som vart lagt fram i dag, lovar Venstre 60 millionar kroner til fylkeskommunane. Det er dei to regjeringspartia og dei to støttepartia samde om.

Kan vere eit første steg

Fylkesrådmann er klar på at 60 millionar meir i kompensasjon betyr ein del for ein fylkeskommune som ikkje har for mykje å rutte med.

– Dette kan vere eit første steg på vegen i retning av at vi får betre økonomiske utsikter. Vi har jobba hardt for å få gjennomslag for ei slik løysing, seier fylkesrådmann Eriksen.

Løysinga betyr 60 millionar kroner i kompensasjon første året, men det er ikkje berre til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

– Det går til mange fylkeskommunar som kjem rimeleg dårleg ut, seier Eriksen.

Men han legg til at det også er nokre fleire føresetnadar som må oppfyllast.

Men det må meir til

– Kommunal- og forvaltningskomiteen må følgje opp med å presisere at dette skal vere første steg i ei opptrapping som skal gå over fem år, og at desse midlane som vert lagde inn, skal rettast mot dei fylka som har komme urimeleg dårleg ut på grunn av det nye inntektssystemet, seier Eriksen.

Han legg til at Sogn og Fjordane er det fylket som har komme dårlegast ut.

– Slik sett er det vi som vil komme best ut av det at det vert kompensert. Vi vil tene mest på kompensasjonen, dersom dei sluttar seg til den modellen som vi har vore med på å utarbeide, seier Eriksen.

– I kva grad er det ein garanti for at ein vil halde fram opptrappinga?

– Det kan ikkje eg garantere. Eg les berre i budsjettavtalen som no ligg føre at dei legg inn 60 millionar kroner første året, seier Eriksen.

Må framleis kutte

Han legg til at han ikkje er overraska over det, då dette berre er eit budsjett for 2015.

– Vi er avhengige av at det kjem nye 60 millionar kroner kvart år fram til 2019, totalt 300 millionar kroner. Det vil vere eit naudsynt grunnlag, seier Eriksen.

Han legg til at dette må følgjast opp etter at finanskomiteen kjem med si innstilling.

– Kommunalkomiteen må leggje inn ei presisering som går i retning av ein opptrappande kompensasjon i denne femårsperioden, og at denne rettast mot dei fylkeskommunane som har komme dårlegast ut, seier Eriksen.

Han legg til at dette ikkje betyr at det er slutt på kuttarbeidet i fylkeskommunen.

– Nei, det gjer det ikkje, seier Eriksen.

Kjem til å jobbe for forpliktande formuleringar

Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V) peikar på at Venstre kjem til å kjempe for ei opptrapping.

– Vi har spelt inn vår modell, som er at vi aukar med 60 millionar kroner neste år, og så ønskjer vi ei opptrapping kvart år slik at ein får ei halvering av kutta ein må ta i fylket, seier Rotevatn.

Han legg til at saka skal vidare til kommunalkomiteen, og Venstre kjem til å jobbe for forpliktande formuleringar.

Sveinung Rotevatn

VIL KJEMPE: Stortingsrepresentant for Venstre, Sveinung Rotevatn, vil jobbe hardt for at det kjem forpliktande formuleringar når kommunalkomiteen skal handsame budsjettet.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Ikkje berre at ein skal halvere kutta til neste år, men at ein også skal halde fram med det. Det er viktig for å unngå at det vert for tøffe tak når det gjeld strukturen for vidaregåande skular, kultursatsing og samferdsle, seier Rotevatn.

Han legg til at alle partia på stortinget var samde i at det måtte skje endringar i inntektssystemet til fylkeskommunane.

– Alle partia har lagt inn kutt der. Men med den endringa dei borgarlege partia no føreslår, så vil dette bli til å leve med for Sogn og Fjordane, meiner Rotevatn.

Torer ikkje love Venstre støtte

Stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn Hollevik, gler seg over meir pengar til fylkeskommunen.

– Det at desse første 60 millionane er på plass, gler meg. Så er det meir formalitetar som står att, seier Hollevik.

Han torer derimot ikkje love at Venstre får støtte for sitt ønskje om at ordninga skal verte forpliktande i åra som kjem.

Bjørn Hollevik

KAN IKKJE LOVE: Stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn Hollevik, vil ikkje love Venstre støtte for sine femårsplanar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det kan eg ikkje seie noko om. Eg møter som vara i denne komiteen, så det står att å sjå kva som vil skje der. Men det viktige er at vi er komne i gang med ei ordning som gjer at kutta ikkje vert så smertefulle, seier Hollevik.

– Meiner du at Høgre bør støtte det som Venstre kjem med?

– Her er grep som vi må ta. Eg har heile tida sagt at eg heiar på alle som jobbar for ei god løysing for Sogn og Fjordane, seier Hollevik.