NRK Meny
Normal

Kan presentere ny trenar denne veka

Svenske Jonas Olsson (41) er brennheit kandidat til å ta over som trenar i Sogndal etter sesongen.

Trond Fylling

HAR SNART NY TRENAR: Trond Fylling og Sogndal kan ifølgje Sogn Avis vere i ferd med å sikre seg Jonas Olsson som ny trenar.

Foto: Rune Fossum / NRK

Jonas Olsson trenar no IFK Gøteborg, men var søndag til stades på 2-2 kampen på Fredrikstad stadion saman med Sogndals sportssjef Trond Fylling og styreleiar Tor Arne Ness, skriv Sogn Avis.

– Vi kommenterer ikkje denne prosessen før alt er i boks. Det er uheldig å ta slikt før det er på plass, seier Ness til avisa.

Har lang karriere i Allsvenskan

Han stadfestar samstundes at ei tilsetjing av ny trenar nærmar seg.

Olsson er trenar i IFK Gøteborg saman med Stefan Rehn, og har ei lang karriere bak seg som trenar i den same klubben.

Olsson skal tidlegare ha vore observert på besøk i Sogndal med familie.

Jobbar intenst for å få trenar

Harald Aabrekk orienterte styret i Sogndal allereie før sesongstart om at han ville gje seg som trenar i klubben etter denne sesongen. Sogndal har den siste tida jobba intenst for å få på plass etterfølgjaren.

Tidlegare har namn som Bård Borgersen i Start og Ørjan Christiansen i Kvik Halden vore mellom media sine kandidatar til trenarjobben.