Kan miste skulefrukta
Feriestengt på SFO og i barnehagar, og skulefrukta heng i ein tunn tråd når dei folkevalde i Aurland skal få budsjettet i hamn, skriv Sogn Avis. Kraftig reduksjon av eigedomsskatten for kraftverk er noko av årsaka til at kommunen må dekke inn 11 millionar kroner i budsjettet for neste år.