Hopp til innhold

Kan miste breibandpengar

Jølster kommune kan miste ein million kroner som dei har fått til å byggje ut breiband for.

Pengane kjem frå Breibandforum Sogn og Fjordane, som ikkje har fått svar frå kommunen om kor vidt dei kjem til å bruke pengane.

Leiar Jarle Tvinnereim i Breibandforum gjev kommunen frist til 1. desember med å svare, viss ikkje blir pengane trekte attende.