Hopp til innhold

Kan miste både bil- og båtambulansen

Askvoll kan miste både bilambulansen og båtambulansen dersom i eit nytt forslag frå Helse Førde blir gjennomført. – Taxibåt er uakseptabelt, seier ordførar Frida Melvær.

Frida Melvær og ambulansebåten

AMBULANSE: Det er uakseptabelt å erstatte ambulansebåten med taxibåttenester, seier ordførar Frida Melvær i Askvoll.

Foto: NRK

Administrerande direktør Jon Bolstad føreslår å flytte bilambulansen i Askvoll til ein ny felles ambulansestasjon for Fjaler og Askvoll i Dale der begge ambulansane blir stasjonert med døgnkontinuerleg vakt.

Samstundes vil han også satse på ein raskare og meir moderne ambulansebåt i Solund som skal erstatte dei to ambulansebåtane som er i Solund og Askvoll i dag. Og etablere taxibåtteneste i for øyene i Askvoll.

Felles stasjon

Styret i Helse Førde skal på møtet kommande fredag ta stilling til korleis bil- og båtambulansen i føretaket skal organiserast i ytre deler av Sogn og Sunnfjord.

– Ein felles ambulansestasjon mellom Askvoll og Dale er ei naturleg følgje av Dalsfjordbrua. Analysane våre viser at denne løysinga vil gje innbyggjarane ei god ambulanseteneste i framtida, seier Helge Robert Midtbø.

Helge Robert Midtbø

DIREKTØR: For kirurgisk klinikk i Helse Førde, Helge Robert Midtbø.

Foto: Sunnfjord Energi

Direktøren for kirurgisk klinikk i Helse Førde meiner dette vil auke beredskapen monaleg for innbyggarane i Dale og Askvoll.

– Vi vil samlokalisere dei til ein stasjon, men behalde dei same ressursane med to døgnbilar. Det betyr at ambulansetenesta i Askvoll og Fjaler går frå heimevakt til å ha personell klar i stasjonen heile døgnet. Dette vil dra responstida kraftig ned i høve situasjonen i dag, meiner Midtbø.

Han meiner ein ambulanse vil bruke mellom 13 og 15 minutt frå Dale sentrum til Askvoll sentrum under utrykking.

Helse Førde har fått pålegg frå Arbeidstilsynet om å utbetre begge stasjonane i Askvoll og Fjaler. Ved å bygge ein stasjon i staden for to, får dei også ei gevinst på større fagmiljø og kompetanseheving av personellet, meiner Midtbø.

Store båtendringar

For båtambulansane vil direktør Bolstad at styret i Helse Førde skal vurdere to alternativ:

Primært: Båtambulansetilbod for kysten av Sogn og Sunnfjord vert lyst ut på anbod med ein båt i Solund, supplert med kjøp av taxibåtteneste i Askvoll.

Alternativt: Båtambulansetilbod for kysten av Sogn og Sunnfjord vert lyst ut på anbod med ein båt i Solund supplert med samfunnsbåt (brukt som ambulansebåt) i Askvoll.

Blir valet ein ambulansebåt i Solund, blir sørvisfarten auka frå 25 til 35 knop, og aktiveringstida vert redusert frå dagens 25 minuttar til 10 minuttar, ifylgje Helse Førde.

Kysten av Sogn og Sunnfjord har i mange år hatt fallande aktivitet og stadig færre ambulanseoppdrag for båt. I 1997 hadde båtambulansen 1 509 oppdrag i området, medan talet i fjor var 285.

Både Solund og Askvoll har kvar sin ambulansebåt i dag. I Askvoll er den bemanna med personale frå bilambulansen.

Ambulansebåt Solund

AMBULANSE: Denne ambulansebåten i Solund kan bli erstatta med ein større og raskare båt.

Foto: Silje Guddal / NRK

Ordførar: taxibåt uakseptabelt

– Dette er veldig som venta etter dialogmøta vi har hatt med Helse Førde. Det har vore veldig lite vilje til å sjå på andre modellar enn den dei no føreslår, seier ordførar Frida Melvær i Askvoll.

Frida Melvær

ORDFØRAR: Frida Melvær seier taxibåt er uakseptabelt for Askvoll.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Kva betyr dette for innbyggarane i Askvoll?

– At bilambulansen blir flytta frå Askvoll sentrum betyr lengre responstid på dagtid. På kveldstid blir det omtrent som i dag. Men taxibåt er heilt uakseptabelt.

– Ein slik taxibåt vil berre handtere Atløy og knapt nok det. Den kan få ut personell, men kan ikkje frakte pasientar. Bulandet og Værlandet vil heilt bli skoren vekk, seier Melvær.

– Men ny, rask båt vil rekke øyane på kort tid?

– Det blir lengre tid enn i dag, særleg til Atløy. Det er lite vurdert korleis været spelar inn på responstida. Vi har ingen andre båtalternativ. Askvoll vil ikkje kunne hjelpe øyane korkje i brann, ved kommunal helsetenester eller ved andre høve.

– Frykta du desse forslaga?

– Det har vore veldig lite forståing for argumenta som Askvoll har framført. Eg har vore veldig frustrert, lei meg og sint. For det har stor tyding for reell tryggleik for innbyggarane i kommunen.

Forslaget om bilambulansen var som venta.

– Men båtambulanse var litt betre enn frykta, men berre om styret vel alternativet med samfunnsbåt. Taxibåt er heilt uakseptabelt, seier Frida Melvær.

Skeptisk grendalag

Leiar Roar Landøy i Bulandet og Værlandet grendalag tykkjer forslaget til direktør Bolstad om ny båt i Solund og taxibåt i Askvoll er svært dårleg.

– Det er så pass vêrhardt her at det kan røyne på i størsteparten av året. Då hadde det vore best å behalde det vi har i dag.

– Så taxibåt er ei dårleg løysing?

– Det er ein liten båt. Skal den først køyre lege ut her, og så vente på ambulansebåt frå Solund? Det hadde vore betre om ambulansebåten hadde lege i Askvoll. Det ha vi også sagt til Helse Førde.

– No seier Helse Førde at ny båt i Solund vil kome raskare til dykk?

– Det er i fin sjø. Men vi har som regel ikkje fin sjø mesteparten av året. Ein slik båt kan ikkje halde maksfart hit.

– Kva med luftambulansen?

– Det er eit beredskapstillegg, men ikkje i dårleg vær. Båten frå Askvoll har greitt farvatn fram til øyene. Den slepp dei store havstykka som ein båt frå Solund må gjennom, seier Landøy.