Hopp til innhold

Kan miste ambulansebåt

Sidan 2005 har bruken av ambulansebåtane i Solund og Askvoll gått kraftig ned – det er god nok grunn til å kutte den eine båten, meiner Helse Førde.

Ambulansebåten i Askvoll

REDUSERER: Bruken av ambulansebåtane i Solund og Askvoll har gått kraftig ned. No kan den eine bli fjerna.

Foto: Ottar Starheim / NRK

I fjor hadde ambulansebåtane i Solund, Gulen og Askvoll 295 oppdrag. Dette er ein stor nedgang sidan 2005, då hadde ambulansebåtane 692 oppdrag. Det melder Firda i dag.

– Risikoen for samtidskonflikt er stor med berre ein båt. Det kan vere fleire oppdrag som skjer samstundes, noko som gjer at ein ikkje rekk begge. Det vil me helst unngå, seier ordførar i Solund kommune, Ole Gunnar Krakhellen til NRK.no.

Ole Gunnar Krakhellen

RISIKO: Det er ikkje trygt med berre éin båtambulanse i både Gulen, Solund og Askvoll, seier ordførar i Solund kommune, Ole Gunnar Krakhellen

Foto: Steinar Lote / NRK

– Skal me ha ei tryggleikskjensle i vår kommune på same måte som på fastlandet, er me avhengige av ambulansebåt. Ein kan ikkje berre sjå på statistikken, ein må også sjå på behovet for dei som bur her, legg Krakhellen til.

Kommunane arbeider med eit svar til Helse Førde, og Ole Gunnar Krakhellen, ordførar i Solund kommune, meiner dei har behov for to ambulansebåtar sjølv om dei har fått færre oppdrag.

– Solund er framleis ein øykommune med eit stort sjøområde, så eg meiner at me framleis må ha ein ambulansebåt stasjonert i kommunen. Det er viktig at me i kommunane får synleggjort behovet for to ambulansebåtar, der ein er stasjonert i Solund og ein i Askvoll.

Anbodsavtalen går ut til nyttår, og då må Helse Førde få på plass eit samarbeid med kommunane for å finne ut korleis dei skal organisere beredskap og båtambulanse dei neste ti åra.

– Førebels oppfattar eg at Helse Førde har invitert til ein dialog, og at dei er på idéstadiet. Det kjem på eit seinare tidspunkt til å vere eit møte. Helse Førde har ikkje konkludert med noko enno, og det er bra. Eg hadde reagert sterkare om dei hadde avgjort dette før dei hadde snakka med kommunane.