NRK Meny
Normal

Millionfabrikken kan bli stengd for alltid

Den nyopna fiskeoljefabrikken i Måløy til nær 300 millionar kroner kan måtte stenge for alltid. Eigarane har tapt i retten og fått forbod mot å produsere. Varaordførar Nils Myklebust (Sp) er sjokkert.

Sildoljefabrikk

KAN STENGE: Nergård sin fabrikk då den opna i februar i år, no kan anlegget til nær 300 millionar kroner måtte stenge.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det kom nærmast som eit sjokk. Kommunen har helst fabrikken hjarteleg velkomen. Vi håpar det finst ei løysing.

Vågsøy risikerer å tape nær 20 arbeidsplassar etter at Nergård Pelagic tapte så det svei i ankesaka mot Pelagia i Gulating lagmannsrett. For Nergård Pelagic sin del handlar det om nær 300 millionar investerte kroner.

Det har berre gått få månader sidan politikarar og næringsliv feira opninga av den nye mjøl- og fiskeoljefabrikken i Vågsøy. Nergård Pelagic har også vore tydelege på målsetjinga om å opne eit nytt pelagisk mottak på den tilgrensa industritomta. Alt kan no risikere å havarere.

Rettsstrid kan stenge kjempeinvesteringa

Konkurrenten Pelagia, som tidlegare eigde tomta gjennom oppkjøpte selskap, har heile tida hevda at det har hefta ein konkurranseklausul til eigedomen som seier at det ikkje kan drivast med fiskemjøl og fiskeoljeproduksjon ved anlegget. Skritfleg avtale har blitt lagt fram for retten, men avtalen mellom avlidne Ole Rasmus Møgster og medeigar i Nergård, Arne Stang, vart i si tid aldri underskriven.

Arne Stang

EIGAR: Arne Stang er styreleiar og medeigar i Nergård AS. Her under opningsdagen til fabrikken i Måløy.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Fjordane tingrett gav Nergård medhald i at det ikkje fanst nokon gyldig avtale, medan Pelagia anka saka og har vunne saka fullstendig i Gulating lagmannsrett. Sentralt for lagmannsretten er at sjølv om ikkje avtalen er underskriven har salsavtalen blitt godkjent i styreromma, og faktisk blitt gjennomført.

Ventar at Nergård stoggar produksjonen

Direktør i Pelagia, Egil Magne Haugstad, seier dei aldri har vore i tvil om kva som har vore avtalt. No er dei nøgde med å ha fått medhald.

– Eg ventar at Nergård tek inn over seg at lagmannsretten har slått fast at dei har gjort noko ulovleg på denne eigedomen. Vi fortalde dette til dei alt før dei bygde. Eigedomen vart seld for 30 millionar kroner, og det skulle etablerast heilt andre typar verksemder der, ikkje mjøl- og sildeolje.

Pelagia ventar no at Nergård Pelagic sin fabrikk sluttar å produsere fiskemjøl- og olje. Haugstad seier det blir eit hypotetisk spørsmål om det er mogleg å einast med Nergård om ein økonomisk kompensasjon for at klausulen ikkje skal gjelde, og at det blir opp til Nergård å svare på kva dei vil gjere framover.

Har ikkje gitt opp håpet

– Partane bør finne ut av det. Kommunen vil gjerne hjelpe til, om det er noko vi kan gjere, seier Nils Myklebust.

Senterpartiet sin ordførkandidat Nils Myklebust

SJOKKBESKJED: Varaordførar Nils Myklebust frå Sp fryktar verdifulle jobbar kan gå tapt.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Fiskerinæringa er i fint driv for tida, noko som syner igjen i Måløy, der fleire aktørar bygger og satsar. Myklebust vil ikkje kommentere sjølve dommen, men er klar på at ei stenging av fabrikken er eit skot for baugen.

– Dette er ein dørstokk som må passerast, eg trur alle i Vågsøy håpar på ei løysing. Det er arbeidspassane og aktiviteten som er vårt anliggande. Det betyr ufatteleg mykje for kommunen at vi har firma som er viljuge til å satse.

Tommy Torvanger

DIREKTØR: Tommy Torvanger er direktør i Nergård, her under opninga av fabrikken i Måløy.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes

Det har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå leiinga i Nergård. Avokaten til Nergård, Vidar Riksfjord, seier dei vurderer å anke.

Nergård Pelagic er usamd i lagmannsretten sin dom. Fjordane tingrett, kom til motsett resultat og Nergård Pelagic vil no vurdere å anke til Høgsterett.