Hopp til innhold

Flymangel kan føre til at flyplassar på kortbanenettet blir lagde ned

Mangelen på 40-setars fly kan føre til at kortbaneflyplassar rundt om kring i Norge må leggjast ned, seier Ove Narvesen i Avinor.

Dash 8 fra Widerøe

SLUTT: Det blir ikkje lenger produsert Dash 8 fly av typen som har 40 seter.

Foto: Picasa 2.7

Det kan gå mot slutten for kortbanenettet i Norge. Det er nemleg ikkje kva som helst slags flytypar som kan lande på desse rullebanene, og det blir ikkje lenger produserte fly som kan betene kortbanenettet.

Dash 8-flya blir ikkje lenger produserte, og Widerøe som er den største aktøren på kortbanenettet vedgår at ein ny flytype må på plass innan 10 år dersom ein skal klare å halde kortbanenettet i drift.

Førebels har løysinga for Widerøe blitt å kjøpe fly frå Midtausten.

– Vi har kjøpt tre brukte fly frå Saudi-Arabia. Desse flaug vi over til Canada, der dei har stått i eit år i samband med modifisering opp til Widerøe sin standard, seier kommunikasjonsdirektør Richard Kongsteien som no har fått det første flyet til Bodø.

Kan bli færre, men større flyplassar

Ove Narvesen

NY VURDERING: Ove Narvesen i Avinor seier mangelen på passande fly gjer at dei må vurdere lufthamnstrukturen på nytt.

Foto: Avinor
Richard Kongsteien, Widereøe

HENTA FLY FRÅ MIDTAUSTEN: Widerøe har kjøpt tre fly frå Saudi-Arabia, fortel Richard Kongsteien i Widerøe.

Foto: Widerøe

Det siste Dash 8-flyet med 40 seter vart produsert i 2007 og per i dag blir det ikkje laga fly som passar kortbanenettet i Norge. Større fly kan ikkje lande på dei små rullebanene og dei mindre flya eignar seg heller ikkje.

Mangel på passande fly kan føre til at korbanenettet må erstattast av færre, men større flyplassar, seier Ove Narvesen som er kommunikasjonsdirektør i Avinor.

– Kortbanenettet var i utgangspunktet bygd for småflya Twin Otter og Dash 7. Så har ein etter kvart gått over til Dash 8, og no har dei gått ut av produksjon. Dette gir oss ei utfordring som gjer til at vi må sjå på lufthamnstrukturen på nytt, seier Narvesen til NRK.no.

– Kan dette ende i langt førre, men større flyplassar i distriksnorge?

– Det kan vere perspektivet, ja.

– Flytype er ikkje noko argument for nedlegging

Kongsteien i Widerøe trur derimot at auka etterspurnad vil tvinge fram ny produksjon av eigna fly, og fryktar ikkje for kortbanenettet.

– Flytype må ikkje vere noko argument for å leggje ned kortbanenettet. Skal ein leggje ned det må det vere eit samfunnsøkonomisk og politisk vedtak, ikkje noko som skjer på grunn av flytype, seier Kongsteien.