Nedbygging av basen kan føre til at Nor Tekstil blir tvinga vekk frå kystbyen

Statoil si avgjerd om å flytte store delar av forsyningsaktiviteten sin vekk frå Florø har ført til mange søvnlause netter for Leif Gunnar Belsvik. Styreleiaren i Norges største vaskerikonsern seier dei truleg blir med på flyttelasset.

Røyrlager på fjordbase i Florø

NEDBYGGING: Statoil flyttar vekk store delar av forsyningsaktiviteten sin frå basen i Florø.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Akkurat no sit eg å ser ut over bedriftene som vi har bygd opp gjennom nokre tiår i Florø.

– Dette er ei bedrift der Statoil har vore pådrivar og hovudkunde, og det er med vemod eg ser på prosessen som har vore, seier Belsvik til NRK.no.

20 arbeidsplassar går tapt umiddelbart

Frå sommaren 2015 vil Statoil leggje ned mykje av forsyningsaktiviteten dei til no har hatt frå basen i Florø. Fjordbase skal få behalde all forsyning til plattformene Snorre og Visund, men vil miste all anna forsyningsaktivitet.

Nor Tekstil, som er det største vaskerikonsernet i Norge har hovudkontor i Florø. Selskapet har over 700 tilsette fordelt på 22 vaskeri rundt omkring i landet.
Men Statoil si endelege avgjerd om å halde fram med nedbyggingsplanane sine på basen i Florø vil få store konsekvensar for selskapet.

Styreleiar Leif Gunnar Belsvik seier til Firdaposten at planane deira om å investere 15 millionar kroner i eit nytt administrasjonsbygg er lagt på is, det same er planane om å investere 20 millionar kroner i ei ny produksjonslinje.

For Belsvik si bedrift er det mange arbeidsplassar som går tapt i Florø med Statoil si nedbygging.

– Dette gjer at vi umiddelbart flyttar 20 arbeidsplassar til Hordaland. Når båtane forsvinn og varene ikkje lenger skal skipast ut frå basen, er det ikkje noko å levere. Dermed mister vi 20 millionar kroner frå omsetnaden vår på anlegget i Florø, som vi vil flytte til søsteravdelinga i Hordaland, seier Belsvik til NRK.no.

Resten kan også forsvinne

Leif Gunnar Belsvik

FLORØ: Leif Gunnar Belsvik er styreleiar i Nor Tekstil som i dag har heile konsernadminsitrasjonen i Florø. Slik er det ikkje sikkert det er i framtida.

Foto: Nor Tekstil

I tillegg til dei 20 arbeidsplassane i produksjonen som blir råka umiddelbart, kan det også stå fleire arbeidsplassar på spel i Nor Tekstil i Florø.

Selskapet vil no vurdere om dei skal flytte ytterlegare av aktiviteten sin vekk frå kystbyen. Berre for Nor Tekstil sin del kan det i verste fall vere snakk om at totalt 70 arbeidsplassar kan forsvinne frå kystbyen, ifølgje Belsvik.

– Etter Statoil si avgjerd er det heilt naturleg at vi også vurderer lønsemda i den drifta vi har att.

– I løpet av 2014–2015 vil vi gjere ei vurdering av om det er lønsamt for oss å flytte den resterande produksjonen vår til våre søsteravdelingar i Hordaland.

– Dette er ikkje noko svartmåling, men ein heilt naturleg konsekvens. Vi driv selskapet med hjarte, men vi driv mest med business. Og når Statoil, som er motoren i dette samfunnet, flyttar ut, så må vi også sjå på vår aktivitet, seier han.

Vil kompensere for tap

Direktør for logistikk og beredskap på norsk sokkel, Gunnar Breivik i Statoil, sa i starten av november til NRK.no at dei ville auke aktiviteten sin i Florø.

Ikkje minst gjeld dette for røyrhandteringa, der ein vil auke både kapasitet og aktivitet.

– Vi er i dialog med baseselskapet om å finne aktivitetar som vi meiner kan kompensere for det som skjer i samband med flyttinga vi no set i gong, sa Breivik til NRK.no.

200 direkte arbeidsplassar

Ein rapport konsulentfirmaet PwC laga for Flora Industri- og Næringsforeining i juni viste at ei total avvikling av Statoil sin forsyningsaktivitet i Florø vil føre til at 250 direkte arbeidsplassar forsvinn.

Når det no er snakk om ei nedbygging, der Flora får behalde forsyninga til to plattformer, er talet redusert noko.

– Kanskje det no betyr tap av 200 direkte arbeidsplassar, seier Bjørn Hollevik som er leiar i Flora Industri- og Næringsforeining til NRK. no og understrekar at det framleis er svært dramatisk.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bjørn Hollevik (t.v.) og Kjetil Myrland

KONSEKVENSAR: Bjørn Hollevik og Kjetil Mydland la i juni fram rapport om Fjordbase og Statoil.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det skrapar berre overflata

I tillegg til primærleverandørane er det også ei rekkje underleverandørar som vil bli råka av nedbygginga. Leif Gunnar Belsvik i Nor Tekstil fryktar dette kan dreie seg om svært mange arbeidsplassar.

– Underskogen av selskap på Fjordbase består av mellom 40 og 50 selskap, der nokre frå har lokale eigarar. Dei aller fleste har globale eigarar og dei må følgje med dit aktiviteten går, seier Belsvik.

– Eg tenkjer at PWC-rapporten med tap av 250 arbeidsplassar berre skrapar i overflata. Eg trur det er snakk om mange fleire arbeidsplassar som kan bli råka, seier han.

– Dei lokale eigarane vil nok tenkje seg godt om før dei flyttar aktiviteten sin, men eg trur dei som har eit meir utvida eigarskap og ikkje den same tilhøyrigheita til Sogn og Fjordane, lettare vil flytte aktiviteten vekk frå Florø, seier styreleiaren.

Også Bjørn Hollevik i Flora Industri- og Næringsforeining trur det er snakk om mange arbeidsplassar hos underleverandørar som kan gå tapt, i tillegg til dei 200 direkte arbeidsplassane som forsvinn.

– Det er vanskeleg å talfeste, men i dagens samfunn er alt vove tett inn i kvarandre. Ein har underleverandørar av underleverandørar heile vegen, seier han og seier at det fort kan bli snakk om minst 400 arbeidsplassar totalt som blir råka.

Håpar i det lengste, men ...

Leif Gunnar Belsvik meiner politikarar og næringsforeiningar har stått på for å stogge Statoil sine planar. Sjølv vil han aller helst bli i Florø.

– Vi har hjartet vårt her, og vi har hatt søvnlause netter på grunn av dette. Det smertar oss, men samtidig forstår vi at Statoil som ein profesjonell aktør må tilpasse seg krav, seier Belsvik.

Atle Hollevik i Safari Engros seier til Firdaposten at han ikkje trur slaget er tapt. Politikarane har fleire gonger vist til at Statoil bryt konsesjonsvilkåra og vil ikkje gje opp kampen.

Også Belsvik håpar i det lengste.

– Eg trur denne prosessen er kome langt. Når Statoil har gjort sitt vedtak og seier det er eit endeleg selskapsvedtak så trur eg det skal mykje til for at politikarane kjem på bana og overstyrer Statoil.

– Det er ikkje tradisjon for det i norsk næringslivspolitikk at staten går inn og overstyrer. Men vi må halde den positive given oppe, og håpar at det kan vere mogleg å snu dette, seier han.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.