NRK Meny
Normal

Kan måtte evakuere over 1000

I Vieåsen i Førde er det så store vassmengder at kommunen vurderer å evakuere over 1000 personar.

Vasskaos i Ekonrlia i Førde

KAOS: Det er kaos på fleire vegar i Førde. Her frå Ekornlia. Det kan også bli aktuelt å evakuere folk frå Vieåsen i Førde på grunn av vêret.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

- Eg har aldri sett maken, seier Tommy Aasen i Førde kommune til firda.no .

Vegbana full av steinar og vatn

Det er ei elv som har gått ut over sine breidder i byggjefeltet Vieåsen i Førde som får kommunen til å vere ekstra på vakt.

Vegen i området er stengt for personbilar i ni-tida måndag kveld. Vegbana er full av steinar og vatn som renn mot Viebøen.

Vurderer situasjonen fortløpande

Aasen har vore på vakt måndag kveld, og har vore på synfaring i området Vieåsen.

- Vi må berre følgje nøye med utviklinga, seier han til avisa.

Kan måtte evakuere

Over 1000 personar har vegen frå Vieåsen som einaste veg, og om elva går lenger ut over sine breidder vil det bli aktuelt å evakuere folk.

- Eg veit at denne grova har gått over breiddene ein gong før. Men det har aldri vore så gale som dette, seier Aasen.


Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.