Kan måtte betale dyrt for vestland.no

Nokre domene kan seljast for millionar av kroner, det seier teknologirådgjevar i NRK. Norsalmon AS vil ikkje seie kva dei vil ha for vestland.no.

Vestland fylkeskommune jaktar på domenet vestland.no, men dette er eigd av Terje Hatlem gjennom Norsalmon AS. Dei er eigar av 2500 domene og er ordknapp om han vil selje domenet med same namn som det nye fylket.

Eirik Solheim er journalist og teknologirådgjevar i NRKbeta. Han seier Hatlem må ha gjort ein stor jobb med å kjøpe og registrere så mange domene.

I praksis fungerer det slik at kven som helst kan kjøpe retten til eit domene, som er ei nettadresse. Selskapa som styrer desse rettane gir då privatpersonar eller selskap rett til å eige til dømes nrk.no eller vestland.no, slik at alle som søker på desse nettsidene blir sendt til ei og same nettside.

Solheim seier ein må betale ein viss sum for å kjøpe eit slikt domene, samstundes som ein må betale ei årleg avgift for å halde på retten til å ha det. Fleire spekulerer i slike domene, for å kunne selje dei vidare med forteneste.

Eirik Solheim

TEKNOLOGIRÅDGJEVAR: Eirik Solheim er teknologirådgjevar og journalist i NRKbeta.

Foto: NRK

– Nokre domene kan seljast for millionar av kroner, seier han.

No trur han den nye fylkeskommunen må gå i dialog med eigaren av vestland.no for å forhandle fram ein avtale.

– Han har nok ganske store utgifter med å sitte på 2500 domene, men han går nok i pluss ved å selje to-tre kvart år til dei som vil betale nok, seier Solheim.

Ingen spekulering

I ein e-post til NRK skriv Terje Hatlem at han ikkje spekulerert i registrering av vestland.no for vidaresal. Norsalmon AS registrerte vestland.no-domenet allereie i 2015, altså fleire år før namnet på det nye fylket var klart.

Han seier det ikkje stemmer at selskapet Norsalmon AS eig 2500 domene.

– Mange av domena er erverva for eigen bruk til nettsider og tenester, dette gjeld faktisk svært mange av domena, skriv han i e-posten, og viser til at dei har fleire prosjekt på gong.

Han skriv at han ikkje vil gå inn på kva som er deira krav eller standpunkt i ein mogleg forhandlingsposisjon mellom to partar.

Vil ha domenet

– Vi ønskjer å bygge ein lettkjenneleg profil, seier påtroppande fylkesrådmann for Vestland fylke, Rune Haugsdal om kvifor dei så gjerne vil ha domenet vestland.no.

Han seier dei primært jobbar mot vestland.no, medan dei no i prosjektperioden har domenet vlfk.no. Vestfold fylkeskommune brukar i dag vfk.no, men sidan dei skal bli til Viken fylkeskommune vil dette domenet bli ledig.

Fylkesrådmann Rune Haugsdal

PÅTROPPANDE FYLKESRÅDMANN: Rune Haugsdal seier dei gjerne vil ha vestland.no. Han er prosjektleiar i den nye fylkeskommunen og påtroppande fylkesrådmann.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Haugsdal seier det vil vere naturleg å ta kontakt med eigaren av vestland.no for å få overta dette domenet.

– Kor mykje vil de betale for dette?

– Eg skal ikkje stå her å forhandle, men noko er vi nok villige til å betale, seier Haugsdal.

Men med ei rekkje tiltak som skal på plass før dei to fylka blir til eitt, er økonomien avgrensa. Han meiner det hadde vore hyggeleg om dei fann ei løysing på det og fekk tilgang på domenet.