Kan lokke innflyttarar til fylket

Viltforvaltar foreslår å tilby gratis hjorteløyve til alle nye tilflyttarar. Kva meiner du?

Hjort i Slørdalen i Snillfjord

LOKKE MED HJORT? Hjortekjøt og hjortejakt er eksotisk, og bør nyttast i marknadsføring av Sogn og Fjordane, meiner viltforvaltar Hermund Mjelstad.

Foto: Picasa 2.7

- Vi må hugse at for mange er hjortejakt eksotisk. Det er ikkje hjortekjøt i butikken, og det syner at det er lenge til hjorten er allemannseige, seier Hermund Mjelstad.

Han er rådgjevar ved miljøvernavdelinga til Fylkesmannen, og kjem med forslaget til marknadsføring av Sogn og Fjordane på fylkesmannsbloggen.

Skyt om lag 12.000 dyr

Mjelstad viser til at mange kommunar slit med å halde folketalet oppe. Han undrar seg over at den eksotiske hjorten ikkje har vore nytta meir i marknadsføringa retta mot tilflyttarar.

Mellom tiltaka som ein kan setje i verk trekkjer han fram at innflyttarar kan få gratis hjorteløyve eller tilbod om å vere med på jakt.

- Eg vil tru vi har meir hjort enn folk her i fylket. I haust vil det bli skote om lag 12.000 hjortar. Men viss eg vil ha tak i hjortekjøt, får eg ikkje tak i det i butikken, seier Mjelstad.

- Fleire må få tak i kjøt

Gerd Dvergsdal

SAMD: Jølster-ordførar Gerd Dvergsdal erkjenner at hjorteressursen kan utnyttast betre.

Foto: Eldgrim Fossheim/NRK

Den årlege jakta resulterer i nesten 500 tonn hjortekjøt berre i Sogn og Fjordane.

Mjelstad er redd det aller meste av dette ikkje er tilgjengeleg for folk flest.

- Eg veit jo at kjøtet er ein stad, men eg kan ikkje få tak i det. Med så store mengder, synest eg at kjøtet burde ha vore omsett på ein slik måte at fleire kan få tak i det, seier viltforvaltaren.

- Må utnytte ressursen betre

Ordførar Gerd Dvergsdal i hjorte-kommunen Jølster vedgår at viltet nok er ein ressurs Sogn og Fjordane kan bli betre på å utnytte.

- Mjelstad har sett ei viktig sak på kartet. Vi må utnytte ressursen betre, seier ho.

- Vi må bli meir aktive i denne debatten - både dei som sit med løyva og dei som er i viltstyra har ein jobb å gjere, seier Dvergsdal.

Sei kva du meiner om denne saka i kommentarfeltet under.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.