Hopp til innhold

Alle skulane kan bli lagt ned

Hausten kan bli prega av skulestrid i Vågsøy. Alle skulane er føreslått erstatta av ein felles skule.

Utsikt over Måløy sentrum

UTAN SKULE? Skulen for alle born i barneskulen i Vågsøy kan bli anten på Tennebø eller i Måløy sentrum

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Skulestrukturen i Vågsøy skal under lupa i haust. Frå før har politikarane i eit budsjettvedtak føreslått å legge ned Bryggja og Holvik skular med til saman vel 90 elevar.

Dette framlegget ligg også inne i administrasjonen sin reviderte kommunedelplan for oppvekst som i dag kom på høyring. Men politikarane har i tillegg bedt om eit endå meir drastisk alternativ: Å legge ned alle barneskulane i Vågsøy og bygge ein ny, anten i Måløy sentrum eller på Tennebø på fastlandet.

Tomta på Tennebø ligg nær Nordfjordhallen, medan i Måløy sentrum kan området rett sør for Måløybrua vere eigna stad.

– Høgst realistisk alternativ

Ordførar Kristin Maurstad (Ap) seier alternativet er høgst realistisk:

– Mange parti har sagt at i framtida vil ein slik skule vere veldig aktuelt, men ein har ikkje trudd at dette er realistisk. Ser ein på planen som kom no er dette blitt eit høgst realistisk alternativ, seier Maurstad.

Ein ny felles barneskule kan vere klar frå august 2021. Eit år vil gå til planlegging og to år vil gå til bygging. Ein felles skule vil få om lag 570 elevar, ha 24 grupper og sysselsette 49 lærarårsverk. Med eit idrettsbygg i tillegg, og justering for prisstigning, vil kostnaden truleg verte 350 millionar kroner.

Kristin Maurstad

SKAL TA AVGJERD FØR JUL: Politikarane skal ta endeleg avgjerd i struktursaka før jul.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Blir spennande å følgje debatten

Dei årlege samla utgiftene vil med kapitalkostnad verte 76 millionar kroner, til samanlikning vil alternativet med tre barneskular, Skram, Skavøypoll og Raudeberg koste 67 millionar kroner. Men ein usikkerheitsfaktor er framtidig vedlikehaldstrong ved dei tre skulane.

– Det blir spennande å sjå høyringsinnspela og den politiske debatten om dette er noko vi ynskjer å gjere i Vågsøy, seier Maurstad.

Arbeidarpartiet i Vågsøy har lenge ynskt ein slik felles skule:

– Vi har spelt inn alternativet med ein skule i fleire år, og har ikkje heilt gitt oss på den. Vi ser på tala som er lagt fram i dag at det er noko høge kapitalkostnadar, men også gode innsparingar på drifta. Det er ei vurdering vi må ta kor mange skular vi vil ha i Vågsøy.

Rapporten blir lagt ut i dag, høyringsfristen er 30. september. Avgjerd skal takast før budsjetthandsaminga før jul.

Skram skule i Vågsøy.

SKRAM SKOLE: Skram skole i Måløy er den største barneskulen, men treng opprusting.

Foto: Bjarne Eldevik

Kan ende med tre skular

I eit anna alternativ er skulane Holvik og Bryggja føreslått nedlagt. Maurstad vil ikkje seie noko sikkert om dei to skulane vert nedlagt. Innsparinga ligg på vel 7 millionar kroner inkludert utgifter til å ruste opp mottaksskulane.

– Det er også noko vi må diskutere framover. Økonomien har kome seg på grunn av vedtaket med Kinn kommune. Men kommunane har rikeleg å bruke pengar på, som til dømes eldreomsorg og velferd, seier ordføraren.