NRK Meny
Normal

Kan krevje erstatning frå rådmann

Etter lovverket kan Bremanger kommune krevje erstatning frå tidlegare rådmann, Tor Kristian Gulhaugen, etter Terra-skandalen.

Tor Kristian Gulhaugen

Tidlegare rådmann, Tor Kristian Gulhaugen, kan haldast personleg ansvarleg etter Terra-skandalen.

Foto: NRK

Lovverket opnar for at det både kan bli politietterforskning og erstatningsansvar mot den tidlegare rådmannen. Jussekspert Hugo Matre ved Universitetet i Bergen, trur likevel at det aldri vil skje.

Hugo Matre og Aker Solutions (kollasje)

Jussekspert Hugo Matre.

Foto: Scanpix/ Eivind Senneset / Scanpix

Fredag vart det kjent at den tidlegare rådmannen brukte 14 minutt, truleg etter påverknad av Terra-meklarane, på å endre finansreglementet slik at kommunen kunne handle med opsjonar.

- Ut frå tidlegare praksis, så plar ikkje selskap eller kommunar å forfølgje eigne tilsette. Det har noko med personalpolitikk, samt at så lenge ein ikkje har gjort det for å tene på det sjølv, så kan det framstå som nokså hardt og til dels urimeleg, seier han.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Video Rådmannen endra regelverket

SJÅ: Rådmannen endra regelverket.

- Har ansvar

Gulhaugen var rådmann i perioden då Bremanger byrja å gamble med pengar. Så langt har kommunen tapt 234 millionar kroner på den mykje omtala Terra-skandalen .

Men tapa kan bli endå større. Kommunen sit framleis med verdipapir, såkalla opsjonar og derivat, som viser seg å vere skjulte tapsbomber. Etter lovverket kan Gulhaugen haldast personleg ansvarleg.

- Rådmannen har personleg ansvar for sine handlingar. Det inneber at dersom han går utover den kompetansen han har, vil han i tillegg til å forplikte kommunen også kunne bli personleg ansvarleg for økonomiske følgjer av handlingane sine, seier Matre.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå