Hopp til innhold

Kan knytast til 30 andre innbrot

Dei to innbrotstjuvane som natt til fredag braut seg inn i to butikkar i Førde og Jølster, kan knytast til kring 30 andre innbrot i Hordaland.

Innbrotstjuvar tek seg inn på Biltema.

INNBROT: To personar tok seg inn på Biltema i Førde natt til fredag, men fekk ikkje med seg noko av verdi. Foto: Overvakingsbilete

– Bilen som vart brukt er aktuell i fleire saker i Bergen og Hordaland. Truleg er dei to involverte i over 30 saker i området der, seier Knut Hansen ved Førde lensmannskontor.

Natt til fredag tok dei to seg inn i Biltema i Førde og Coop Marked på Vassenden i Jølster. Bilen vart stolen i Bergen i slutten av oktober, og skilta som stod var stolne frå ein annan bil. Bilen vart funnen forlaten på ein skogsveg i utkanten av Førde.

Politiet bad folk om å vere ekstra på vakt, sidan dei rekna med dei to ville vere på utkikk etter eit nytt køyretøy å ta seg fram med.

Fått hjelp til å kome seg vekk

– Vi har ikkje fått melding om biltjuveri i løpet av fredag eller helga. Det har vore nokre tilfelle av at personar har stukke av frå drivstoffylling utan å betale, men det er ikkje desse personane, fortel Hansen.

No startar politiet arbeidet med å sikre DNA-spor av bilen som tjuvane forlèt. Mest truleg har dei to også kome seg vekk frå Førde.

– Truleg har dei ringt til kompisar og fått dei til å hente dei.