Hopp til innhold

No kan han juble over millionstøtte frå fylket

Fylkesutvalet løyver 1,1 millionar kroner til EM i vektløfting i 2016. – Vi hadde håpa på litt meir, men dette er kjempegod støtte, jublar Stian Grimseth.

Stian Grimseth 3

TUNGE LØFT: Stian Grimseth og Tambarskjelvar fekk 400.000 kroner mindre enn dei søkte fylkeskommunen om til EM i vektløfting 2016.–No skal vi jobbe iherdig med å få på plass det resterande beløpet, seier Grimseth til NRK.no.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Stian Grimseth står sjølv i spissen for meisterskapen som Tambarskjelvar skal arrangere i Naustdal 2. – 8. mai 2016.

På veg til Israel og møte med det europeiske forbundet, fekk den tidlegare vektløftaren gladmeldinga han hadde håpa på.

– 1,1 millionar kroner er veldig bra, og vi er nøgde og glade for det. No skal vi jobbe iherdig med å få på plass det resterande beløpet, seier han til NRK.no.

Åtte mot ei røyst

Heile arrangementet har ei kostnadsramme på vel sju millionar kroner, og vil samle 550 deltakarar frå 34 land. I tillegg har dei fått eit konkret tilbod om direktesending både i Norge og Europa.

Kostnadsbiten her er ein halv million kroner høgare enn dei først rekna med. Også Naustdal og Førde kommunar har sagt seg villige til å spleise på TV-avtalen, utan å vedta noko beløp.

Arrangørane søkte fylkeskommunen om 1,5 millionar kroner i støtte, men fekk 1,1 millionar kroner.

– Det er ein føresetnad at arrangørkommunane og næringslivet yter tilskot til TV-produksjonen, seier fylkespolitikarane som vedtok løyvinga med åtte mot ei røyst.

– No kjem vi i land

Fylkesutvalet legg også til at arrangøren ikkje kan rekne med anna fylkeskommunal støtte til investeringar i samband med arrangementet. Dei legg også til grunn at fylkeskommunal logo eller namn får ei merksemd som står i rimeleg forhold til den støtta som blir gjeven.

Den endelege løyvinga blir teken stilling til i budsjettet for 2015 og eventuelt 2016. Tilrådinga frå fylkesrådmannen var på ein halv million kroner.

– Med ei slik draghjelp skal vi klare å komme i land. Det er viktig å ha så god støtte frå fylket og fylkespolitikken, seier Grimseth.