Hopp til innhold

Kan ikkje stenge Nordfjord Service Terminal as ute frå hamna

Fjordane tingrett har for andre gong slått fast at Nordfjord Havn IKS må dele nøklane med Nordfjord Service Terminal as.

Nordfjord Havn

STRIDENS KJERNE: Striden står om kven som skal få drive sørvis til cruiseskipa som kjem til Olden.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Eg er glad for at vi igjen har fått fullt medhald, seier Johan Olav Lefdal som eig Nordfjord Service Terminal as.

Tidlegare i år stengde Nordfjord Havn IKS selskapet til Lefdal ute frå frå cruisekaia i Olden, der dei hadde drive i 25 år. Selskapet til Lefdal yter sørvis til cruiseskipa som kjem til Olden. Nordfjord Service Terminal nekta å godta dette, og gjekk til retten der dei i to omgangar har vunne fram gjennom såkalla mellombelse rettsordrar.

– No håpar eg at både styret og andre i Nordfjord Havn IKS tar dette ad notam, og sluttar å sløse vekk pengar og heller samarbeider med næringslivet framfor å dumme seg ut på denne måten, seier Lefdal.

Bygde opp kaianlegget

Far til John Olav Lefdal, Aslak Ledal var den som i si tid bygde cruisekaien i Olden, men selde den til kommunen for 3,5 millionar kroner då han fylde 75 år.

John Olav Lefdal

VANN FRAM I RETTEN: John Olav Lefdal eig Nordfjord Service Terminal as.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det har vore vondt og sårande å oppleve at dei ville stenge oss ute. Det offentlege fekk kjøpe kaien svært billeg, og no opplever vi at dei vil ta frå oss den drifta vi har hatt gjennom 25 år. Eg meiner det offentlege burde vere meir enn nøgde med å dra inn fem – seks millionar i kaiavgifter, seier Lefdal.

Vurderer kva dei skal gjere

Verken dagleg leiar eller styreleiar i Nordfjord Havn IKS hadde måndag kveld fått lese dommen og synte til advokat Brynjar Østgård for kommentarar.

– Dette er ei mellombels rettsavgjerd, og motparten har frist til 30. juni med å bringe saka inn for retten for ei endeleg prøving. Noko motparten vil gjere, seier Østgård.

I den mellombelse rettsavgjerda seier retten at Nordfjord Havn IKS må sleppe Nordfjord Service Terminal as til att på kaia og levere tilbake nøklar og kodar.

Og at dei må tole at European Cruise Service as nyttar Nordfjord Service Terminal as som leverandør av tenester til cruiseskipa som kjem til Olden.

Brynjar Østgård

VURDERER ANKE: Brynjar Østgård er advokat for Nordfjord Havn IKS.

Foto: Haakon Wærstad / NRK

– Inn til vidare så har tingretten bestemt at det skal vere slik. No er det framleis mogleg å anke denne mellombelse avgjerda til lagmannsretten, men det spørsmålet har eg ikkje fått drøfta med mine klientar, seier Østgård.

Nordfjord Service Terminal as har ein frist på ein månad for å bestemme seg for om dei skal anke eller ikkje.

Må betale sakskostnadar

Til no har rettstvisten kosta European Cruise Service as og Nordfjord Service Terminal as 500 000 kroner. Dette må Nordfjord Havn IKS betale i tillegg til eigne sakskostnader.

– Vi har protestert på sakskostnadane som vi meiner er for høge, men retten har godteke dette. No er det slik at dersom vi skulle vinne fram i den endelege rettsbehandlinga så vil motparten måtte betale attende sakskostnadane, seier Østgård.