Hopp til innhold

Kan ikkje seie noko om ulukkesårsak

Politiet håpar i dag å få avhøyrt føraren av lastebilen som var involvert i kollisjonen på fylkeseg 614 mellom Grov og Norddalsfjordbrua i Flora onsdag.

Ulykke på fylkesveg 614

KRITISK SKADD: Ei kvinne på 26 år vart send til Haukeland Universitetssjukehus etter kollisjonen.

Foto: David E. Antonsen / Firdaposten

Ei 26 år gamal kvinne ligg kritisk skadd på Haukeland Universitetssjukehus etter kollisjonen mellom ein lastebil og ein personbil.

Etterforskingsleiar Kjell Magne Barsnes i politiet seier dei til no har avhøyrt tre vitne i saka, og at dei jobbar vidare med saka.

Kjell Magne Barsnes

HAR AVHØYRT TRE VITNE: Etterforskingsleiar Kjell Magne Barsnes.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– I dag held vi fram med vitneavhøyr, vi vil og prøve å få til avhøyr med lastebilsjåføren. I går var ulukkesgruppa til Statens vegvesen og hadde tekniske undersøkingar av køyretøya. Vi ventar no på rapporten deira.

– Vi har og valt å gjere vidare undersøkingar av køyretøya for å best mogeleg etterforske både det som er til gunst og ugunst for partane i denne saka.

– Kan du seie noko om årsaka til ulukka?

– Det er det for tidleg å konkludere med.

– Var det glatt på ulukkesstaden?

– Det var litt variable føretilhøve på vegstrekninga.