Hopp til innhold

Kan ikkje love pengar til dykkarar

Redningsdykkarar brukar i dag fritida si på å berge menneske i naud. Den nye justisministeren vil sjå på ordninga, men kan ikkje love verken pengar eller endringar i organiseringa

Anders Anundsen om redningsdykkarar

KAN IKKJE LOVE NOKO: Justisminister Anders Anundsen seier ei arbeidsgruppe no ser på saka, men kan ikkje love verken pengar eller ei anna organisering av tenesta.

Foto: Montasje: NTB/Scanpix/Thomas Winje Øijord/Bjarne Eldevik

Når det skjer ulukker der det er behov for redningsdykkarar er det i dei aller fleste tilfelle frivillige som rykkjer ut. Slik det er i dag er nemleg ikkje redningsdykkarar del av dei lovpålagde oppgåvene til kommunane.

I Sogn og Fjordane meiner dykkarane at det er på høg tid at dei blir statleg styrte. Dei håpar det kan kome pengar som gjer at dei kan inngå i ei vaktordning, og dermed alltid har høve til å rykkje ut.

Talsmann for redningsdykkarane i Førde, Reidar Kirketeig, seier dei stadig ser at det er behov for dei.

– Sidan vi starta opp i 1997 har vi sett behovet. I Sogn og Fjordane er det vegar rundt eit kvart nes, og som vi ser kan folk køyre i vatnet, eller det kan vere ulukker ved elvar og liknande. Vi veit det er behov for oss, seier Kirketeig til NRK.no.

Ikkje alltid dei kan rykkje ut

I over 15 år har det vore redningsdykkarar i Sogn og Fjordane som har kunne rykkje ut, men sidan dei ikkje er statleg styrte er det tilfeldig om dei kan.

I Førde kommune har dei ikkje sett seg råd til å la redningsdykkarane inngå i ei ordning underlagt brannvesenet.

Dermed jobbar dykkarane som frivillige gjennom Røde Kors, og dei får ikkje løn for arbeidet dei gjer. Når ulukka er ute og AMK tek kontakt er det ikkje alltid dei har sjanse til å hjelpe til. Talsmann for redningsdykkarane, Reidar Kirketeig, likar det ikkje.

– Det er ei uvisse knytt til om vi kan stille eller ikkje, seier han.

– Det er klart det går inn på oss når vi ikkje har sjanse til å rykkje ut, seier han vidare.

(Artikkelen held fram under biletet)

Reidar Kirketeig

OPPGITT: Reidar Kirketeig er talsmann for redningsdykkarane i Førde. Han er oppgitt over situasjonen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Kommunane har ikkje råd

I starten av oktober miste ei 19 år gamal kvinne livet etter at lastebilen ho køyrde hamna i fjorden på fylkesveg 55 i Balestrand. Dei frivillige redningsdykkarar i Førde hadde ingen på vakt, og det var til slutt dykkarar frå Bergen som kom til staden, to timar etter ulukka vart meld.

NRK har vore i kontakt med KS i Sogn og Fjordane, og dei har sagt dei vil sjå på saka. Kommunane på si side seier dei ikkje har råd til ei slik teneste.

Kirketeig håpar nokon ryddar opp.

– Eg veit ikkje om eg torer seie vi ventar at noko skal skje, men vi håpar det. Eg har fleire gonger vore ute i media med dette, men det skjer ikkje noko. Så håpet vårt er ikkje stort, seier han.

Skal sjå på saka

Den nye borgarlege regjeringa har sagt dei vil ha ein gjennomgang av beredskapen i Norge, der også redningsdykkarane og beredskapen der vil bli sett på.

– Dykkarberedskapen er ein viktig del av eit heilskapleg system, og eit arbeidsgruppe skal no sjå nærare på mellom anna dykkarberedskapen, seier justisminister Anders Anundsen i Framstegspartiet.

Rapporten frå arbeidsgruppa er venta vere ferdig i desember, og regjeringa skal då starte vidare behandling av saka.

Men kan ikkje love pengar

Anundsen vedgår at han kjenner ei viss uro over at tenesta med redningsdykkarar baserer seg på frivillig dugnad.

– På ein måte skapar det mogleg uro, men no må vi få oss ei oversikt og så forsøke sikre oss så godt som mogleg. Vi er eit langstrekt land med spreidd busetnad, og det betyr også at det er komplisert å få til det beredskapssystemet vi skulle ønskje vi hadde, seier han.

– Kva er grunnen til at ei slik viktig teneste ikkje er lovpålagd og i ordna former allereie?

– Det må du nesten spør den føregåande regjeringa om. Vi skal no gå gjennom dette for å finne ut om det er nødvendig å gjere endringar, så får vi kome tilbake til konkrete løysingar etter kvart, seier Anundsen.

I dag ligg tenesta med redningsdykkarar inn under brann- og redningstenesta i kommunane. Om det er slik det bør vere i framtida kan ikkje justisministeren svare på enno.

Han kan heller ikkje love at kommunane får pengar som gjer at redningsdykkarar kan inngå i ei vaktordning, der dei blir lønna for arbeidet sitt og alltid vil kunne rykkje ut når noko skjer.

– Eg er oppteken av at vi gjer ting i rett rekkjefølgje. No må vi få resultata frå arbeidsgruppa først, og så får vi sjå på eventuell finansiering og organisering etterpå, seier justisministeren.